Yijing ('Forvandlingsboka', også kjend som I Ching) eller Zhouyi ('Løyndomsboka') er ein av dei eldste klassiske kinesiske tekstane.Wilhelm, R. I Ching Introduction. English translation by Cary F. Baynes; HTML edition by Dan Baruth. Retrieved on: January 20, 2008. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. Nøyaktig alder på verket er ukjend, men tradisjonen plasserer byrjinga til boka på 2000- eller 1000-talet f.Kr. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. Det eldste manuskriptet som er funne er eit ufullstendig verk frå Krigande statar-tida (475–221 f.Kr.) Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

mini|venstre|Teikna i Yijing er 64 heksagram danna av ulike kombinasjonar av desse åtte trigramma. Yijing er bygd opp som ei spådomsbok kring 64 heksagram med ulikt mønster. Etter kvart heksagram kjem ein kort tekst. Boka kunne brukast ved at ein ved hjelp av ulike framgangsmåtar valde eit heksagram og teksten som høyrde til. Dette kryptiske svaret måtte tolkast av ein ekspert.«Yijing» (28.02.2013) i Store norske leksikon.

I tillegg til den opphavlege teksten finst også dei såkalla «ti vengene», filosofiske og moralske kommentarar tilskrivne Konfutse, men truleg sett saman på 200–100-talet f.Kr. Desse kommentarane har lagt grunnen for seinare forståing av Yijing, men legg djupare filosofiske og moralske tankar i teksten enn det han truleg var meint å ha.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «I Ching» frå , den 4. april 2013.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kinesisk folketru Kategori:Kinesisk litteratur Kategori:Spådom Kategori:Taoisme Kategori:Konfutsianisme