mini|Institutt for teoretisk astrofysikk held til på Blindern i «Svein Rosselands hus» teikna av Bryn Finn Bryn () var ein norsk arkitekt.Finn Bryn på SNL lese 6. april 2013. Han vart uteksaminert frå Noregs tekniske høgskole i 1916 og byrja å arbeide for Georg Greve i Bergen frem til 1917, der han gjekk over til å arbeide under Arnstein Arneberg fram til 1922. I 1921 teikna han sommarhuset ved Bergensleden for Wesenberg. I 1922 var Bryn med på å skipe arkitektkontoret Finn Bryn og Johan Ellefsen i Oslo. I 1939 fekk Finn Bryn oppdrag å teikne Noregs paviljong til verdsutstillinga i New York, og året etter hadde han eigen praksis i Oslo.
Bryn er mellom anna kjend for universitetsbygg på Blindern i Oslo, Aftenpostens hus og Molde domkyrkje. Saman med mellom anna Bernt C. Lange og Håkon Christie var han involvert i restaureringa av Ringsaker kyrkje på 1960-talet. Bryn vart tildelt St. Olavs Orden i 1971.
Litteratur
Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Norske arkitektar