Stavne stoppestad er ein nedlagd jernbanestasjon på Dovrebanen og Stavnebanen på Stavne i Trondheim. Stasjonen vart opna i 1908 med status som haldeplass, men blei oppgradert til stoppestad betjent for reisande og gods i 1922. I 1936 forsvann godsekspederinga ved stasjonen og i 1941 vart Stavne igjen redusert til ein haldeplass medan Stavnebanen blei bygd, noko han hadde heilt til han vart lagt ned.Bjerke, Thor m.fl. (2013). Banedata 2013. Hamar/Oslo: Norsk Jernbanemuseum og Norsk Jernbaneklubb. s. 116

Stavne vart lagt ned som følgje av opninga av Marienborg stasjon, som låg nærare St. Olavs hospital og skulle gjere det lettare å komme til sjukehuset. Det sørliggande tilknytingssporet til Dovrebanen er i dag ikkje lenger i aktiv bruk, medan det nordre tilknytingssporet går frå Stavne til Marienborg og blir nytta av lokaltog mellom Lerkendal til Trondheim S og Steinkjer. Stavne stasjon ligg 549,24 km frå Oslo S.

Den tidlegere ekspedisjonsbygninga vart rive i 2011 i samband med vegutbygging.Adresseavisen 31.1.2011

Oversiktskart

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stavne holdeplass» frå , den 28. april 2013.

Bakgrunnsstoff Norsk Jernbaneklubb om Stavne stasjon

Kategori:Nedlagde jarnbanestasjonar i Noreg Kategori:Jarnbanestasjonar på Dovrebanen Kategori:Jarnbanestasjonar i Trondheim Kategori:Jarnbanestasjonar opna i 1908 Kategori:Jarnbanestasjonar nedlagde i 1999