University of Alaska Fairbanks er eit offentleg forskingsuniversitet i Fairbanks i Alaska i USA. Det tener som flagship-campus for University of Alaska System, og vert forkorta Alaska eller UAF.

UAF er eit land-grant, sea-grant og space-grant-institusjon, og deltar òg i sun-grant-programmet gjennom Oregon State University. Det var her utkastet til Alaska-grunnlova vart skissert og signert i 1955 og 1956. UAF vart oppretta i 1917 som Alaska Agricultural College and School of Mines, og dei første undervisningstimane starta i 1922.

Sju store forskingsinstitutt held til ved UAF: Agricultural and Forestry Experiment Station, geofysisk institutt, International Arctic Research Center, Arctic Region Supercomputing Center, Institute of Arctic Biology, Institute of Marine Science og Institute of Northern Engineering. Det ligg om lag 350 km sør for polarsirkelen og har fokus på forsking i nordlege område og arktiske strøk.

Hausten 2010 hadde UAF 11 034 studentar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «University of Alaska Fairbanks» frå , den 8. april 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Offisiell nettstad

Kategori:Universitet i Alaska Kategori:Skipingar i 1917 Kategori:1917 i USA