Adamstown er hovudstad og den einaste busetnaden på Pitcairn, som høyrer til Storbritannia. I 2023 hadde Adamstown eit folketal på 35. Dette er også heile busetnaden på Pitcairnøyane, ettersom dei andre øyane i øygruppa er folketomme. Medan alle innbyggjarane bur i Adamstown, dyrkar dei mat på andre delar av Pitcairn.www.lareau.org/pitc.html

Geografi Adamstown ligg sentralt på nordsida av Pitcairn, mot Stillehavet og i nærleiken av Bounty Bay. Dette er den einaste hamna på øya.

Klima Adamstown har tropisk regnskogklima (Af) under Köppen si klimaklassifisering. Klimaet er vått og svært varmt med ei gjennomsnittleg nedbørsmengd på 1 543 millimeter per år. Den våtaste månaden er desember. Temperaturen varierer ikkje mykje gjennom året.

Historie Historia til Pitcairnøyane byrjar med polynesisk busetnad på 1000-talet. Polynesiarane grunnla ein kultur her som bløma i fire hundreår og deretter forsvann. Pitcairn blei folkesett att i 1790 av ei gruppe britiske mytteristar frå HMS «Bounty» og tahitiarar. Adamstown har namn etter den siste overlevande mytteristen, John Adams.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Adamstown» frå , den 9. juli 2026.

Kategori:Byar i Storbritannia Kategori:Pitcairn