Erika Julia Hedwig Mann () var ein tysk skodespelar, kabaretartist, journalist og forfattar.
Erika Mann var dotter av Katia Pringsheim og forfattaren Thomas Mann. I 1933 grunnla ho den politiske kabareten Die Pfeffermühle og heldt antinazistiske foredrag. Ho emigrerte til USA etter den nasjonalsosialistiske maktovertakinga i 1933 og heldt fram kampen mot nazismen som forfattar og journalist.
I tillegg til å arbeide med materialet etter faren Thomas og broren Klaus, etterlét ho seg ei omfattande verkliste med politiske essays, reportasjar, reiseskildringar og barnebøker.
Erika Mann gifte seg med den britiske diktaren Wystan Hugh Auden i 1935, men dette var eit pro-formaekteskap for å gje henne britisk statsborgarskap.
Bakgrunnsstoff
Biografi, litteratur og kjelder, FemBio, Institutt for forsking rundt kvinnebiografiar Livsløp på tabellform, dhm.de Privates und Politisches bei Erika Mann, om protestkampanjen mot Pfeffermühle i Sveits 1934, Neue Zürcher Zeitung, 11. mai 2005
Kategori:Tyske forfattarar Kategori:Tyskspråklege forfattarar Kategori:Tyske skodespelarar Kategori:Folk frå München