Christopher Franke () er ein tysk musikar og komponist. Frå 1971 til 1988 var han medlem av electronicabandet Tangerine Dream. Han var først trommeslagar i The Agitation, seinare kalla Agitation Free, før han gjekk over til å hovudsakleg spele klaverinstrument og synthesizerar etter kvart som gruppa gjekk bort frå opphavet med psykedelisk rock. Han var truleg ikkje den første musikaren til å nytte ein analog sekvenser, men var truleg den første til å nytte eit slikt instrumentet på scene under ein konsert, og la rytmegrunnlaget for klassiske musikkstykke av Tangerine Dream og heile Berlin-skulen.

Etter at han slutta i gruppa starta han plateselskapet Sonic Images som baserer seg på New Age-musikk. Han har laga fleire soloalbum og mykje filmmusikk.

Solodiskografi

Pacific Coast Highway (1991) Universal Soldier (1992) London Concert (1992) New Music for Films Vol. 1 (1993) Raven (1994) Night of the Running Man (1995) Babylon 5 (1995) Klemania (1993) Perry Rhodan - Pax Terra (1996) The Celestine Prophecy (1996) Tenchi the Movie: Tenchi Muyo! in Love (1996; rereleased in 2002) Enchanting Nature (1996) Babylon 5, volume 2: Messages from Earth (1997) Babylon 5: In the Beginning (1997) Babylon 5: Thirdspace (1997) Pacific Blue (1997) Transformation of Mind (1997) Babylon 5: River of Souls (1997) Epic (1999) Babylon 5: Episodic CDs - 24 CDs x 30 minutes per CD (1997–2000) New Music for Films Vol. 2 (2000) The Calling (2000) The Best of Babylon 5 (2001) Music for Films Vol. 3 (2003) CD-R What the Bleep Do We Know!? (2004) Ludwig² - Das Musical (2005) Babylon 5: The Lost Tales (2007)

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Sonic Images

Kategori:New Age-musikarar Kategori:Tyske electronicamusikarar Kategori:Tangerine Dream-medlemmar