Rockoon er det 44. albumet og det 21. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream. Innspelinga av albumet starta i mars 1991 og var ferdig i januar 1992, den lengste produksjonen deira gjennom heile bandhistoria. Albumet vart nominert i USA for «beste new age-album 1992» og nådde Topp 10 på Billboard New Age-lista og Topp 20 på Billboard Jazz-lista.
Det er det første heile albumet til Tangerine Dream som ein duo med far og son. Saksofonisten Linda Spa som kom inn i bandet i 1990 speler ikkje på denne plata.
Albumet kom ut på ny i 1999 på Tangerine Dream sitt eige selskap TDI med nytt plateomslag av Edgar Froese.
Innhald
Rockoon Special Edition Rockoon kom i lag med ein avgrensa singel CD-5. Denne inneheldt ein redigert versjon av tittelsporet, bonussporet «Oriental Haze» med Linda Spa og eit intervju med Edgar Froese.
Medverkande Tangerine Dream Edgar Froese - komponist, musikar Jerome Froese - komponist, musikar Framtidig Tangerine Dream-medlem Zlatko Perica - musikar Andre medverkande: Enrico Fernandez - musikar Richi Wester - musikar Teknisk: David Marino - lydteknikar Phillip Calvert - lydteknikar Jeff Robinson - lydteknikar
Kjelder
Kategori:Musikkalbum frå 1992 Kategori:Tangerine Dream-album