Tanz der Lemminge er eit dobbeltalbum av tyske Amon Düül II frå 1971.
Musikalsk er det lagt vekt på lange arrangement, men musikken er noko meir dempa og akustisk enn på dei førre albuma. Dei lange stykka er delt opp i forskjellige satsar, men med titlar som «Dehypnotized Toothpaste» og «Overheated Tiara». Sjølv om titlane kan indikere noko anna, er musikken likevel seriøs. Dei første tre stykka tar opp kvar si side på den originale vinylutgjevinga.
I Q & Mojo Classic Special Edition Pink Floyd & The Story of Prog Rock, kom albumet på 36. plass på lista deira over «40 Cosmic Rock Albums».Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.
Medverkande Chris Karrer - gitarar, fiolin, vokal «Pull Down Your Mask» og «Telephonecomplex» John Weinzierl - gitarar, piano, vokal «Paralyzed Paradise» Falk Rogner - orgel, elektronikk Lothar Meid - bassgitarar, vokal «A Short Stop at the Transylvanian Brain-Surgery» og «Riding on a Cloud» Peter Leopold - trommer & perkusjon, piano Renate Knaup-Krötenschwanz - vokal «Riding on a Cloud»
med: Jimmy Jackson - orgel, kor-orgel, piano Al Gromer - sitar Rolf Zacher - vokal «H.G. Wells' Take Off»
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tanz der Lemminge» frå , den 10. april 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Amon Düül II-album Kategori:United Artists Records-album