Ash Ra Tempel er debutalbumet til krautrockbandet Ash Ra Tempel. Det vart spelt inn i mars 1971 og kom ut i juni 1971 på Ohr.
Albumet inneheld berre to musikkstykke, som tok opp ei side kvar av vinylplata. «Amboss» på side ein er den meir livlege av dei to og byggjer seg gradvis opp med rullande trommer og lange gitarsoloar. «Traummaschine» på den andre sida er derimot eit langt rolegare stykke som i følgje allmusic kan minne om ambient musikken til Brian Eno til Lull sine dystre lydlandskap.
Innhald
Medverkande Hartmut Enke - bass Manuel Göttsching - gitar, vokal, elektronikk Klaus Schulze - trommer, perkusjon, elektronikk
Kjelder
Kategori:Debutalbum frå 1971 Kategori:Ohr-album Kategori:Ash Ra Tempel-album Kategori:Klaus Schulze-album Kategori:Electronica-album