Picture Music er det fjerde albumet med elektronisk musikk av den tyske musikaren Klaus Schulze. Det vart spelt inn seint i 1974 og kom ut i januar 1975 på Brain Records. Dette er det einaste soloalbumet til Klaus Schulze der ein kan høyre han spele trommer. TIdlegare i karrieren sin hadde han spelt trommer i banda Ash Ra Tempel og Tangerine Dream. På seinare album spelte ofte Harald Großkopf frå Wallenstein trommer. Som mange av albuma til Schulze, inneheld det eit langt musikkstykke på kvar side.

Innspeling og utgjeving Tidlegare trudde ein at Picture Music var det tredje albumet til Schulze, og at det kom før Blackdance (1974), på grunn av feiltrykk på plateomslaget som sa at det vart spelt inn i 1973. Sidan vart det oppdaga at albumet ikkje vart spelt inn før i 1974.

Innhald

Medverkande Klaus Schulze – EMS VCS3 synthesizer, ARP Odyssey synthesizer, ARP 2600 synthesizer, Farfisa Professional Duo orgel, trommer, perkusjon

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Picture Music» frå , den 11. april 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Klaus Schulze-album Kategori:Musikkalbum frå 1975