Rudolf E. Peierls () var ein tysk-fødd britisk fysikar.
Rudolf Peierls hadde ei viktig rolle i det kjernefysiske programmet til Storbritannia, men han hadde òg ei rolle i mange moderne vitskaplege program. Han studerte på eit Rockefeller-stipend ved Cambridge University då Adolf Hitler kom til makta i heimlandet Tyskland. Han fekk løyve til å bli verande i Storbritannia og han arbeidde i Manchester med ein organisasjon for flyktningar. I 1963 byrja han som professor ved University of Oxford.
Peierls pensjonerte seg frå stillinga si ved Oxford University i 1974. Han skreiv fleire bøker, inkludert Quantum Theory of Solids, The Laws of Nature (1955), Overraskelser i Teoretisk fysikk (1979), oppfølgjaren, Flere overraskelser i Teoretisk fysikk (1991) og sjølvbiografien sin, Bird of Passage (1985). Peierls vart utnemnd til kommandør i Order of British Empire i 1945 og vart adla i 1968. Han vart tildelt Lorentzmedaljen i 1962, og i 1980 mottok han Enrico Fermi Award frå styresmaktene i USA.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rudolf E. Peierls» frå , den 14. april 2013.
Bakgrunnsstoff Selected Scientific Papers of Sir Rudolf Peierls, edited by R H Dalitz & Sir Rudolf Peierls, World Scientific Series in 20th Century Physics, Volume 19, 1997. Sir Rudolf Peierls: Selected Private and Scientific Correspondence Volume 1, by Sabine Lee (University of Birmingham, UK). Pictures in the National Portrait Gallery, London. Annotated bibliography for Rudolf Peierls from the Alsos Digital Library for Nuclear Issues Rudolf Peierls own biographical notes from Los Alamos National Laboratory as a pdf
Kategori:Britiske fysikarar Kategori:Folk tilknytte Manhattanprosjektet Kategori:Order of the British Empire Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Britiske jødar Kategori:Enrico Fermi-prisen Kategori:Medlemmar av Det sovjetiske vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av Det russiske vitskapsakademiet Kategori:Tyske fysikarar Kategori:Tyske jødar Kategori:Tyske flyktningar Kategori:Jødiske flyktningar Kategori:Det kjernefysiske programmet i Storbritannia Kategori:Copleymedaljen Kategori:Lorents-medaljen Kategori:Royal Medal Kategori:Max Planck-medaljen