mini|Gulraud shiba. mini|Kvit shiba. Shiba, tidlegare kjent som shiba inu, er den minste av dei nasjonale japanske hunderasane. I Japan har det eksistert ulike spisshundtypar i lang tid, og skjelettfunn viser at shibaen har vore relativt uforandra i fleire tusen år.Rasepresentasjon om shiba i Hundesport (PDF-fil)

«Shiba» tyder 'krattskog' på japansk, men på ein gammal Nagano-dialekt tyder det 'liten'. Namnet er blitt tolka med begge desse tydingane. «Inu» tyder 'hund'. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.

Opphav Shibaen var opphavleg ein jakthund som blei brukt til å jaga småvilt og fuglar.

Skildring Shiba er ein liten til middels stor spisshund med godt utvikla beinstruktur og muskulatur. Kroppen er noko lengre enn høgda (11:10). Ryggen er kort og sterk og lendet breitt og muskuløst. Brystkassen er djup og har svakt boga ribbein. Buklinja er godt opptrekt. Halen er høgt sett og blir anten halden ringla eller i ei sigdforma boge over ryggen. Hunden er rask og rører seg lett og uanstrengt i alle typar terreng. Hannene målar 38,5-41,5 cm i skulderhøgd, tispene ca. 3 cm mindre. Vekta er normalt 7-12 kg. I Japan varierer høgda meir (34-42 cm). Der er det dessuten vanleg med større variasjon i fargane enn det rasestandarden til FCI tillet.

Norsk kennelklubb har ein rasestandard for shiba.NKKs rasestandard (PDF-fil)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Norsk shibaklubb Artiklar om shiba ved norskshibaklubb.net. Raseprofil for shiba ved Dyreliv.no.

Kategori:Hunderasar Kategori:Japanske husdyr