Bagdad () er hovudstaden i Irak. I 2016 hadde Bagdad kring 8,8 millionar innbyggjarar,«Bagdad» Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Online. 30. november 2016. og er den største byen i Irak, den neste største i den arabiske verda etter Kairo i Egypt og den nest største byen i Vest-Asia (etter Tehran i Iran).

Byen ligg ved Tigris, vart grunnlagd på 700-talet og vart hovudstaden til abbasidane. Kort tid etter han vart grunnlagd utvikla Bagdad seg til eit viktig senter for kultur, handel og vitskap for den islamske verda. I tillegg var her fleire viktige, akademiske institusjonar (t.d. Visdomshuset), som gav byen eit verdsomfattande rykte som eit «læresenter».

Fem hundre år etter Bagdad vart grunnlagd var han den største byen i mellomalderen og hadde på det meste meir enn ein million innbyggjarar.. Byen vart nesten heilt lagt i ruinar av Mongolriket i 1258, og førte til ei nedgangstid som varte i fleire hundreår med mange pestepidemiar og herskarar. Då Irak vart ein sjølvstendig stat (tidlegare det britiske mandatet for Mesopotamia) i 1938, fekk Bagdad til ein viss grad attende rolla si som eit viktig senter for arabisk kultur.

I moderne tid har byen ofte slite med øydeleggingar av infrastrukturen i byen, sist under invasjonen av Irak i 2003 og den påfølgjande Irakkrigen som varte til desember 2011. I seinare år har byen stadig vore angripe av opprørarar. I 2012 vart Bagdad rekna som ein av dei minst gjestfrie byane i verda å bu i, og vart av Mercer rekna nedst på lista over 221 byar for livskvalitet.The Central African Republic: On the brink

Namnesoge Namnet Bagdad er førislamsk og opphavet er omstridd. Staden der Bagdad ligg byrja har vore busett i tusenvis av år. På 700-talet evt. hadde det utvikla seg fleire landsbyar her, mellom anna ei persiskLe Strange, G. (n.d.). [...] The Persian hamlet of Bagdad, at the Western bank of the Tigris, and just above where Sarat canal flowed in, was ultimately fixed upon [...]. In Bagdad during Abbasids (p. 9). grend kalla Bagdad. Dette namnet kom til å bli brukt for byen som abbasidane herska over her.. Encyclopedia of Islam

Arabiske skribentar som meiner namnet er førislamsk har generelt sett etter røtene til namnet på persisk. Dei har føreslått forskjellige tydingar, og det vanlegaste er «skjenkt av Gud». Moderne forskarar har generelt vore samd med denne tolkinga, som ser på ordet som ei samansetning av bagh (25px) «gud» og dād (30px) «gjeven»,Mackenzie, D. (1971). A concise Pahlavi Dictionary (p. 23, 16). I gammalpersisk kan det første elementet sporast attende til boghu og er nært knytt til det slaviske bog som tyder «gud», medan det andre kan sporast attende til dadāti.Guy Le Strange, «Bagdad During the Abbasids from Contemporary Arab and Persian», s 10 Namnet på byen Baghdati i Georgia har same namnesoge.

Eit par forskarar har føreslått eit eldre opphav for namnet, og særskild namnet Bagdadu eller Hudadu som finst i gammal babylonsk, og det babylonsk-talmudiske namnet på ein stad kalla «Baghdatha».John B. Friedman, Kristen M. Figg Trade, Travel, and Exploration in the mellomalderen, (Taylor & Francis, 2013)Brinkmann J. A. A political history of post-Kassite Babylonia, 1158-722 B.C.(Gregorian Biblical BookShop, 1968) Somme forskarar har føreslått eit arameisk opphav.

Då abbasidekalifen al-Mansur skipa ein heilt ny by for hovudstaden sin, valde han namnet Madinat al-Salaam eller Fredsbyen. Dette var det offisielle namnet på myntar, og i anna offisiell bruk, men på folkemunne heldt ein fram å bruke det gamle namnet. På 1000-talet vart nesten berre «Bagdad» brukt som namn på den verdskjende metropolen.

Historie

Skiping mini|Bagdad frå ei trykksamling i Travels in Asia and Africa, etc. (av J. P. Berjew, British Library) Etterr fallet til omajadane, det første muslimske dynastiet, ønskte dei sigrande abbasidane sin eigen hovudstad dei kunne regjere frå. Dei valde ein stad nord for sassanide-hovudstaden Ktesifon (og like nord for der oldtidsbyen Babylon hadde lege), og den 30. juli 762 tinga kalifen Al-Mansur byggjinga av byen. Han vart bygd under leiing av barmakidane. Mansur meinte at Bagdad var ein perfekt by som hovudstad for det islamske riket til abbasidane. Mansur likte staden så godt at han skal ha sagt: «Dette er verkeleg byen som eg grunnla, der eg skal bu, og der mine etterkomarar skal regjere».

Den flotte plasseringa gjorde at byen voks raskt. Han hadde kontroll over dei strategiske vegar og handelsruter langs Tigris, og var rik på vatn i eit elles tørt klima. Det var vatn på både nord- og sørsida av byen, slik at alle hushald hadde god vassforsyning, noko som var særs uvanleg på denne tida.

Bagdad voks forbi Ktesifon, hovudstaden til sassanidane, som låg 30 km lenger søraust. I dag er alle restane av Ktesifon ein del av Salman Pak, like sør for Stor-Bagdad. Ktesifon hadde igjen erstatta og absorbert Selevkia, den første hovudstaden til Selevkideriket, som tidlegare hadde erstatta byen Babylon.

I tidlege år var byen kjend som ei tilsikta påminning om eit uttrykk i Koranen då han refererer til Paradis.Wiet, pg. 13 Det tok fire år å byggje byen (764–768). Mansur henta inn ingeniørar, landmålarar og kunstarbeiarar frå heile verda og teikna planar for byen. Over 100 000 anleggsarbeidarar kom for å setje planane i verk. Juli vart vald som oppstartstidspunkt fordi to astrologar, Naubakht Ahvazi og Mashallah, meinte at byen burde byggjast under teiknet til løva.Wiet, pg. 12 Løva er knytt til eld og symboliserer produktivitet, stoltheit og utviding.

Mursteinane som vart brukte i byen var 45 cm lange alle fire sider. Abu Hanifah var teljar av mursteinane og han utvikla ein kanal som førte vatn til arbeidsstaden for både drikkevatn og for å lage mursteinane. Marmor vart òg nytta som byggmateriale over heile byen, og marmortrapper førte ned til elvebreidda.

Rammeverket for byen består av to store halvsirklar som er kring 19 km i diameter. Byen vart designa som ein sirkel med ein diameter på kring 2 km, som førte til at han vart kjend som «den runde byen». Den opphavlege utforminga syner ein enkelt ring med bustader og handelsbygg langs innsida av bymurane, men den endelege konstruksjonen hadde enno ein ring innafor den første. Innafor byen var det mange parkar, hagar, villaer og promenadar.«Yakut: Bagdad under the Abbasids, c. 1000CE» I sentrum av byen låg moskéen, i tillegg til hovudkvarteret til vaktene. Kva som var føremålet med resten av arealet i sentrum er ikkje kjend. Den sirkelforma byen var ein direkte etterkomar av den tradisjonelle, persiske sasanidiske byplanlegginga. Sasanidebyen Gur i Fars, bygt 500 år før Bagdad, er nesten identisk i den generelle sirkelforma si, med avenuar som stråler utover og statlege bygg og tempel i midten av byen. Denne urbane stilen stod i kontrast til den greske og romerske byplanlegginga i oldtida, der byane vart utforma som firkantar med gater som kryssa kvarandre i rette vinklar.

Bymurane Dei fire bymurane kring Bagdad vart kalla Kufa, Basra, Khurasan og Syria fordi portane deira peikte i retninga til desse stadane. Avstanden mellom portane vart litt mindre enn 2,5 km. Kvar port hadde doble dører som var laga av jarn. Dørene var så tunge at det måtte fleire menn til for å opne dei. Sjølve muren var 44 meter tjukk ved botnen og kring 12 meter tjukk på toppen. Muren var òg 30 meter høg, inkludert murtindar, ein solid del av ein befesta brystvern som vanlegvis var gjennomstukken av skyteskår. Denne muren var omringa av ein annan mur som var kring 50 meter tjukk. Den andre muren hadde tårn og avrunda murtindar, som låg kring tårna. Denne ytre muren vart verna av ein solid skanseskråning, som var laga av mursteinar og brent kalk. Utanom den ytre muren var ei vassfylt vollgrav.

Den gylne port-palasset Den gylne port-palasset var bustaden til kalifen og familien hans og låg midt i Bagdad, på det sentrale torget. I den sentrale delen av bygningen var det ein 39 meter høg, grøn dom. Kring palasset var ein esplanade, ein bygning over vatnet, der berre kalifen kunne kome ridande til hest. I tillegg låg palasset nær andre herskapsbygg og bustadane til offiserane. Nær Syriaporten var det ein bygning om vaktene budde i. Han var laga av murstein og marmor. Palassguvernøren budde i den bakerste delen av denne bygningen og vaktkommandøren i den fremre. I 813, etter kalifen Al-Amin døydde, vart ikkje palasset lenger nytta som heimstaden til kalifen og familien hans.Wiet, pg. 15 Dei runde formene peiker på at dei var baserte på arabisk skrift.Sjå:

Encyclopædia Iranica, Columbia University, s.413. Dei to byplanleggjarane som vart hyra av Al-Mansur for å planleggje utforminga av byen, var Naubakht, ein Zarathustra-tilbedar som avgjorde at grunnleggingsdatoen til byen måtte vere på ein astrologisk viktig dag, og Mashallah, ein jøde frå Khorasan i Iran.

mini|Den runde byen Bagdad mellom år 767 og 912.

Lærdomssenter (700- til 1200-talet) Innan ein generasjon etter Bagdad vart skipa, vart han eit senter for lærdom og handel. Visdomshuset var ein institusjon for omsetjing av greske, mellompersiske og gammalsyriske verk. Lærde kom til Bagdad frå heile riket til abbasidane og introduserte persisk, gresk og indisk vitskap til den arabiske og islamske verda på den tida. Bagdad var truleg den største byen i verda frå kort etter han vart skipa og fram til 930-åra, då Córdoba var blitt like stor. Fleire estimat tyder på at byen hadde over ein million innbyggjarar på det meste.Matt T. Rosenberg, Largest Cities Through History. Mange av sogene i Tusen og ei natt er sett til Bagdad på denne tida.

Bagdad var mellom anna på denne tida kjend for dei eksepsjonelle biblioteka. Mange av abbaside-kalifane verna om lærdom og likte å samle litteratur frå både oldtida og samtida. Sjølv om somme av fyrstane frå det tidlegare Omajade-dynastiet hadde byrja å samle inn og omsetje gresk vitskapslitteratur, var abbasidane dei første som pleia gresk lærdom på stor skala. Mange av desse biblioteka var private samlingar som berre var meint for eigarane og venene deira, men biblioteka til kalifen og andre embetsmenn vart etter kort tid offentlege eller delvis offentlege.Mackensen, Ruth Stellhorn . (1932). Four Great Libraries of Medieval Bagdad. The Library Quarterly: Information, Community, Policy, Vol. 2, No. 3 (July 1932), s. 279-299. University of Chicago Press. Fire store bibliotek vart skipa i Bagdad på denne tida. Det første vart skipa av den kjende Al Mamun, som var kalif frå 813 til 833. Eit anna vart skipa av Sabur Ibn Ardashir i 991 eller 993 for lærde menn som vitja akademiet hans. Uheldigvis vart dette andre biblioteket plyndra og brend av seldsjukkane berre 70 år etter det vart skipa. Dette var eit godt døme på ein type bibliotek som vrt bygd opp etter behova og interessene til det litterære samfunnet. Dei siste to biblioteka var madrasa eller teologiske biblioteket. Nizamiyah vart skipa av persaren Nizam al Mulk, som var vesir for to tidlege seldsjukk-sultanar. Det var i drift sjølv etter den mongolske invasjonen i 1258. Mustansiriyah madrasa, som var eit særs rikt bibliotek, vart skipa av Al Mustansir, den nest siste abbasidekalifen, som døydde i 1242. Dette vart det siste store biblioteket bygt av kalifane i Bagdad.

Slutten for abbasidane i Bagdad mini|upright|Den historiske abbasidemoskeen Al Khulafa i Bagdad. mini|upright|Zumurrud Khaton-grava i Bagdad (bygt i 1202), foto frå 1932. På 900-talet var innbyggjartalet i byen mellom 1,2 millionarGeorge Modelski, World Cities: –3000 to 2000, Washington, D.C.: FAROS 2000, 2003. . Sjå òg Evolutionary World Politics Homepage . og 2 millionar. Den raske veksten til Bagdad i dei tidlege åra sakka etter kvart av då det vart problem i kalifatet, og hovudstaden vart mellom anna flytta til Samarra (i 808–819 og 836–892), dei vestlegaste og austlegaste provinsane gjekk tapt og det var periodar med politisk dominans frå dei iranske buwayhidane (945–1055) og seldsjukkane (1055–1135).