Lech Aleksander Kaczyński () var ein polsk politikar og president i Polen frå 2005 til 2010.

Saman med tvillingbror sin, Jarosław Kaczyński, var Lech Kaczyński partileiar for partiet Prawo i Sprawiedliwość (Lov og rettferd).

I det polske presidentvalet den 23. oktober 2005 fekk Kaczyński 54,04 % av stemmene. Han tiltredde embetet i desember.

Kaczyński døydde i ei flyulukke ved Smolensk i Russland i april 2010. I same ulukke omkom kona hans, den polske sentralbanksjefen, vise-utanriksministeren, hærsjefen og stabssjefen til presidenten.

Kjelder

Kategori:Polske presidentar