mini|Topografisk kart over Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow og Smith Islands. Nusha Hill (bulgarsk ‘Nushin Halm’) er ein klipperik ås med ei høgd på 241 m sør på Hurd Peninsula på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Både aust-, sør- og vestsida av åsen er bratt og han er knytt til Doc Peak (301 moh) i nord via eit 220 moh høgt skard. Nusha Hill ligg oppom ein steinbre i sørvest, False Bay i aust og Glaciar Rocoso Cove i sør-sørvest. Det nærliggande området, der det vert utført mange geologiske og glasiologiske undersøkingar, er mogeleg å nå frå sjøen eller via ei rute over land som går frå Hurd Ice Cap langs South Bay ved Sally Rocks og via eit skard på 122 moh, som ligg 800 m sør for åsen.

Fjellet er kalla opp etter Nusja Ivanova (f. 1986), som deltok på den bulgarske ekspedisjonen her i 2002/03.

Nusha Hill ligg 1,5 km nordaust for Binn Peak, 400 m sør for Doc Peak, 450 m sør-sørvest for Castro Peak og 4,51 km vest-nordvest for Canetti Peak på Rozhen Peninsula.

Kjelder Nusha Hill. SCAR Composite Antarctic Gazetteer.

Kategori:Åsar på Livingston Island Kategori:Bulgaria og Antarktis