mini|høgre|300px|Hradčany-slottet med Karlsbrua til høgre i framgrunnen. mini|høgre|300px|Loretto

Praha () eller Prag er hovudstaden og den største byen i Tsjekkia. Byen er ein eigen kommune, men er samstundes rekna på same nivå som regionane landet er delt inn i. Praha er rekna som ein de facto lovbestemt by (tsjekkisk statutární město).

Som eit verktøy i økonomisk planlegging er det oppretta eit storbyområde for Praha og områda rundt. I tillegg til Praha omfattar storbyområdet 490 kommunar.

Praha ligg ved elva Moldau i den tidlegare austerrikske provinsen Böhmen. Frå 1993 utgjer Böhmen saman med Mähren Tsjekkia. Frå 1992 har det gamle sentrumet i byen stått på UNESCO si verdsarvliste. Praha var òg hovudstaden i det tidlegare Tsjekkoslovakia.

Historie Byen vart grunnlagd på slutten av 800-talet og vart raskt sete for kongane av Böhmen. Nokre av desse kongane var òg keisarar av det tysk-romerske riket. Byen blomstra under Karl IV si regjeringstid på 1300-talet. Mellom anna voks bydelen Nové Město fram i denne tida. Elles kan nemnast Karlsbrua, St. Vitus-katedralen – den eldste gotiske katedralen i Sentraleuropa. Karlsuniversitetet er det eldste universitetet nord for Alpane. På denne tida var Praha Europas tredje største by.

Med Böhmen kom byen under Habsburgarane og Austerrike-Ungarn. Dei fire uavhengige kommunane som tidlegare utgjorde Praha, vart slegne saman til ein by i 1784. Desse fire var Hradčany, (slottsdistriktet, vest og nord for slottet), Malá Strana (den mindre byen, sør for slottet), Staré Město (gamlebyen, på austsida av elva) og Nové Město (den nye byen, lenger sør og aust). Byen voks vidare med annekteringa av Josefov i 1850 og Vyšehrad i 1883, og i byrjinga av 1922 vart 37 kommunar innlemma i byen. Slik auka innbyggjartalet til 676 000. Byen hadde òg etter at Böhmen vart avstått etter fyrste verdskrig ein stor del tysktalande innbyggjarar. Mange jødar, mellom anna Franz Kafka), budde i byen. Mange av jødane tala tysk, og det var eit rikt kulturliv. Mestedelen av dei 50 000 jødane døydde i Holocaust under andre verdskrig, noko som også i stor grad førte til slutten på det tyske preget på byen.

I august 2002 fann det stad ei alvorleg oversvømming i Praha, der delar av byen måtte evakuerast. Flaumen gjorde store skadar, men lukkelegvis vart ingen viktige landemerke øydelagde.

Verdt å sjå Mellom turistattraksjonar kan nemnast: Staré Město ymse stader forbunde med Franz Kafka Malá Strana Hradčany med Slottet i Praha og St. Vitus-katedralen Karlsbrua John Lennon-muren Torget i gamlebyen og den astronomiske klokka Jødekvarteret Wenceslas-torget Nasjonalmuseet Vyšehrad slott

Kultur Praha er tradisjonelt eit kulturelt senter med mange teater, operahus, konserthus, galleri og musikklubbar.

Høgskular og universitet I tillegg til Karlsuniversitetet har byen sju andre universitet og høgskular, inkludert Det Tsjekkiske Tekniske Universitetet grunnlagd i 1707. Film kan studerast ved FAMU, den tsjekkiske filmhøgskulen frå 1950-talet.

Transport Offentleg transport i Praha vert utgjort av tre undergrunnsliner i tillegg til ei mengd trikkeliner og bussliner.

Utanfor byen ligg Ruzyně International Airport, som er hovudflyplass for flyselskapet ČSA Czech Airlines.

Ymse Praha er òg sete for dei fleste viktige kontor og institusjonar i Tsjekkia, inkludert presidenten, regjeringa og parlamentet.

Administrativ inndeling Praha har ein kompleks administrativ struktur på fleire nivå. Som lovbestemt by har Praha rett til på eiga hand å opprette sjøvstyrande bydistrikt (tsjekkisk městské obvody). Det er oppretta 57 slike bydistrikt som er grupperte i 22 nummererte (Praha 1 – Praha 22) administrative distrikt (tsjekkisk správní obvod). Desse er igjen til dels underlagt ei eldre inndeling i 10 nasjonalt administerte kommunedistrikt som framleis har visse funksjonar.

Praha er ôg delt inn i 112 matrikkelområde med grenser som ikkje alltid fell saman med grensene mellom bydistrikta.

Folketal Folketalet i Praha i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Praha 1 169 106 1 268 796 1 301 432

Historisk folketalsutvikling Tala er for det folketalet som til kvar tid har vore innanfor Praha sine administrative grenser (inkludert noverande bydelar i parentes).

1230: om lag 3-4 000 innbyggjarar 1 1370: om lag 40 000 2 1600: om lag 60 000 2 1804: 76 000 1837: 105 500 1850: 118 400 (157 200 medrekna forstader) 1880: 162 300 (314 400 medrekna forstader) 1900: 201 600 (514 300 medrekna forstader) 1925: 718 300 1950: 931 500 1980: 1 182 800 1998: 1 193 300

Noter

1 Berre Staré město 2 Staré město, Nové město, Malá Strana og Hradčany

Sjå òg Defenestrasjonane i Praha

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hovudstader i Europa Kategori:Byar i Tsjekkia

Kategori:Europeiske kulturhovudstader