Davis Promontory er eit lågt forberg, nesten heilt dekt av snø, nær Havola Escarpment. Forberget vender sørover og vart vitja av gruppa frå US Antarctic Research Program som vitja Horlick Mountains i 1960–61. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names etter Walter L. Davis, sjefsmekanikar i U.S. Navy, som overvintra ved Ellsworth-basen i 1957, og Byrd-stasjonen i 1960. Davis var medlem av eit 11 mann stort traktorlag, leia av major Antero Havola, som reiste frå Byrd-stasjonen til Amundsen-Scott-stasjonen, 1960–61. Den 25. desember 1960 passerte gruppa nokre få kilometer nord for dette forberget.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Davis Promontory» frå , den 30. april 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Forberg i Antarktis Kategori:Geografi i Ellsworth Land