mini|Britisk stout ved frukostbordet
Stout er eit nesten svart, overgjæra øl med opphav i dei britiske øyane. Det blir laga av brunne malt eller bygg og er opphavleg ein type porter.
Namnet stout tyder 'sterk', og viste opphavleg til fleire øltypar med høgt alkoholinnhald. Seinare blei ordet berre brukt om eit mørkt, nokså bitter og kremete porterøl. Ølbryggaren Guinness er særleg kjend for sin stout.
Ved slutten av 1800-talet blei stout tillagt eigenskapen som ein helse- og styrkebringande drikk som blei drukken av idrettsutøvarar, ammande kvinner og tidlegare sjuke.
Nokre stouttypar Guinness frå Irland Murphy's frå Irland Mackeson's XXX frå England Cornish Cream frå Cornwall i England Coopers Best Extra Stout frå Australia
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stout» frå , den 2. november 2005.
Kategori:Øl Kategori:Overgjæra øl