mini|Løveflaske dekorert med drueklase frå Åsnes Glassverk i Namdalen. H. 19. cm. Foto Anne-Lise Reinsfelt/Norsk Folkemuseum, NF.1930-0554.

Jaktflaske eller lommeflaske er ei lita, flat smal flaske av glas til brennevin til jakt- og turbruk. Nemninga «lommeflaske» er òg nytta for lommelerker. Jaktflasker er like store som lommelerker, men lommelerker i glas er gjerne tilnærma sirkelforma, vertikalt tverrsnitt.

Jaktflasker vart laga på dei norske glasverka frå slutten av 1700-talet. Lommeflasker og jaktflasker er ført opp i priskurantane frå Hadeland Glassverk i 1851 og 1856, men dei er ikkje avbilda.Lie (1977)s. 25.

Løveflaske I 1860-åra kom ein ny type jaktflaske, løveflaske. Desse flaskene vart blåste i form og vart svært populære. Dei har gjerne riksvåpenet med Den norske løva som dekor på sida og ofte òg ein drueklase. Løveflaskene vart blåste både i klart og i farga glas, spesielt koboltblått. Dei vart produserte til omkring 1900 både på norske og svenske glasverk.Lie (1977) s. 27. Løveflasker er laga både med form som jaktflasker og som lommelerker.

Referansar Denne artikkelen bygger på «Jaktflaske» frå , den 4. mai 2013.

Bakgrunnsstoff Se jaktflasker i DigitaltMuseum Se løveflasker i DigitaltMuseum

Litteratur Lie, Inger-Marie (1977): Hadelandsglass 1850-1900. Oslo Korshavn, Jan Håvard (1994): Norsk empire glass. Gjøvigs Glasværk 1807-1843. Gjøvik. ISBN 82-09323-21-2 Polak, Ada (1958): Glassboken. Oslo.

Kategori:Drikkekar Kategori:Flasker