Geikielitt er eit magnesium-titan-oksidmineral med formel MgTiO3. Det høyrer til ilmenittgruppa. Det krystalliserer til ein trigonal struktur og dannar ein opak, svart til raudaktig svart krystall.
Geikielitt var først besskildra i 1892. Ein finn stoffet i edelsteinbærande sand på Sri Lanka. Det vart oppkalt etter den skotske geologen Sir Archibald Geikie (1835–1924). Det opptrer i metamorfose i urein magnesisk kalkstein, i serpentinitt utvunne frå ultramafiske bergartar, i kimberlitt og karbonatitt. Nærståande mineral inkluderer rutil, spinel, klinohumitt, perovskitt, diopsid, serpentin, forsteritt, brucitt, hydrotalsitt, kloritt og kalsitt.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Geikielite» frå , den 4. mai 2013. oppgav desse kjeldene:
Litteratur
Kategori:Oksydmineral Kategori:Trigonale mineral