1. divisjon 1985 starta 29. april og slutta 13. oktober.
Det vart spelt 22 rundar. Dei to nedste laga rykte ned, medan laget som enda på 10. plass spelte kvalifisering mot dei to laga som kom på andreplass i kvar si avdeling i 2. divisjon. Det vart gjeve to poeng for siger og eitt poeng for uavgjort.
Serien vart avgjort i siste serierunde, i kampen mellom Rosenborg og Lillestrøm på Lerkendal Stadion. Lillestrøm hadde leia serien sidan fjerde runde, men Rosenborg låg berre eitt poeng bak då det stod att éin kamp. Rosenborg vann 1–0 føre 28 569 tilskodarar, noko som framleis er tilskodarrekorden på Lerkendal, og vann serien med eitt poeng.
I kampen mellom Rosenborg og Bryne vart 7 000 tilskodarar sleppt inn gratis på Lerkendal, fordi ein var redd for at folk skulle verte skadd i køane utanfor. Kampen hadde 18 000 betalende tilskodarar.
Endeleg tabell
Toppskårarar 23 mål: Jørn Andersen, Vålerengen 18 mål: Odd Johnsen, Mjøndalen 14 mål: Cato Holtet, Kongsvinger 11 mål: Arve Seland, Start Joar Vaadal, Lillestrøm Trygve Johannessen, Brann Paul Folkvord, Bryne 10 mål: Sverre Brandhaug, Rosenborg Gøran Sørloth, Rosenborg 9 mål: Tom Sundby, Lillestrøm
Kvalifisering Tromsø – Sogndal 1–0 Sogndal – Moss 0–2 Moss – Tromsø 0–1
Sjå òg Kvalifisering til Eliteserien i fotball
Kjelder Denne artikkelen bygger på «1. divisjon fotball for menn 1985» frå , den 5. mai 2013.
Bakgrunnsstoff Slutttabell Kampoppsett Toppscorarar
Kategori:1. divisjon fotball for herrar (nivå 1) Kategori:Fotball i Noreg i 1985