NSB Type 49, òg kjent som Dovregubben, var ein norsk damplokomotivtype som vart konstruert for å erstatte to lokomotiv (av type 30) i hovudtoga over Dovrefjell med eitt. Loktypen representerer høgdepunktet og slutten på norsk damplokomotivproduksjon. Dei var teknisk avanserte, men kravde òg mykje vedlikehald og vart difor aldri heilt driftssikre. Tidvis var fleire lok på verkstad enn i drift, og dei vart derfor utrangert alt etter 22 år i trafikk, noko som var særs kort for damplokomotiv. Loka gjekk i alle år i hovudsak i persontoga mellom Otta og Trondheim, Ht. 401/02 og Ht. 405/06. Dei vart avløyst av diesellokomotiv av type Di 3 som hadde lågare yting.Bjerke, T. m.fl (1987). Damplokomotiver i Norge. Oslo/Lillehammer: Norsk Jernbaneklubb. ss. 198-202

Lokomotivet kom i tre utgåver, 49a, 49b og 49c. Dei vart produserte av Hamar Jernstøberi & Thunes mekaniske verksted, Krupp i Essen og Thunes mekaniske verksted. I tillegg til dei sju leverte lokomotiva, vart sju øydelagde under andre verdskrig i eit bombeangrep under produksjon i Tyskland. Fire lokomotiv som var under bygging på Hamar vart aldri fullførte, men enda som reservedelar for dei eksisterande maskinene. Desse siste 11 lokomotiva var tinga av NSB i 1940. Dei sikta på å gå i tog på den nye Sørlandsbanan. Type 49c overvann under produksjon hos Krupp mange av dei barnesjukdomane som dei tre første maskinene sleit med, og etter krigen hadde dei i gjennomsnitt eit dobbelt så høgt tal årleg køyrde kilometer. Nr. 464 vart tatt ut av bruk i 1953. Det siste lokomotivet (nr. 470) vart tatt ut av bruk den 4. september 1957, og dei 6 attverande lokomotiva vart utrangert 16. desember 1958.

Lokomotiva fekk numra 463, 464, 465, 470, 471, 472 og 473. Offisielt var det berre prototypen, nr 463, som fekk namnet «Dovregubben», men dei andre lokomotiva av type 49 vart raskt kjent under same namn. Lokomotiv nr. 470 står utstilt på Norsk Jernbanemuseum, men det er ikkje køyrbart. Alle dei andre vart hogde opp ved Norsk Jernverk i Mo i Rana i 1959.

Tekniske data LengdeTekniske spesifikasjoner for norske damplokomotiver: 49a: 22,0 m 49b: 22,0 m 49c: 22,3 m Maskinas vekt: 49a: 87,2 t 49b: 92,7 t 49c: 88,6 t Tenderens vekt: 49a: 17,4 t 49b: 17,4 t 49c: 18,4 t Aksel: 1'D2'-2'2' Største tillatne fart framover: 90 km/h Drivhjuldiameter: 1,53 m

Referansar Denne artikkelen bygger på «NSB type 49» frå , den 26. mai 2013.

SNL

Bakgrunnsstoff Jernbane.net side om type 49 Dovregubben på NMJ Databaseoppføringar på type 49

Kategori:Togtypar i Noreg Kategori:Norske damplokomotiv