Terje Haugland () er ein norsk tekstilingeniør og tidlegare friidrettsutøvar frå Haugesund. På friidrettsbana utmerka han seg særleg i lengdehopp, men også i høgdehopp. Han tok dessutan NM-medaljar i tresteghopp og på 110 m hekk. Mellom 1961 og 1974 vann han i alt tolv medaljar (3-5-4) under noregsmeisterskapane i perioden. Noregsmeister i høgdehopp 1966 og i lengdehopp 1969 og 1971. I 1969 vart han nummer elleve i lengdehopp under europameisterskapen i Athen. Haugland var medlem av Haugesund IL og IK Tjalve.

Hanne Haugland er dotter hans, Eugen Haugland var far hans.

Aktiv Fram til 1966 satsa Haugland mest på høgdehopp. Etter sølvmedaljar i 1961 og -62 tok han sitt fyrste NM-gull i øvinga i 1966. Resten av si tid som aktiv proriterte han lengdehopp. Her hadde han i alle år sterk konkurranse med fleire dyktige, norske lengdehopparar som Kristen Fløgstad og Finn Bendixen. Både i 1967 og -68 vart han i NM knipe slått av Fløgstad. I OL-sesongen 1968 sette han elles norsk rekord med 7,78 meter. Både i 1969 og 1971 vart han noregsmeister i øvinga. I begge desse sistnmende sesongane klarte han å kvalfisere seg til finalen i EM i friidrett, men utan å kunne blande seg inn i medaljestriden i sjølve finalen.

Haugland gjorde sitt lengste lengdehopp i 1970 då han landa på norsk rekord 7,87 meter, det beste lengdehoppet i Norden den sesongen. Året etter presterte han 14,8 på 110 meter hekk, medan han sette dei personleg rekordane i høgdehopp og tresteghopp i 1973-sesongen. Han svinga seg då over 2,07 m i høgde, og bykste 15,73 m i tresteggropa.

Plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1969 i Aten: Nr 11 i lengdehopp - 7,58 m EM 1971 i Helsingfors: Nr 13 i lengdehopp - 7,41 m

Medaljar i norske meisterskap 1961: Sølv i høgdehopp - 1,95 m, bakom Arne Vang (1,98 m) 1962: Sølv i høgdehopp - 1,98 m, bakom Gunnar Husby (2,01 m) 1966: Gull i høgdehopp - 1,98 m, framom Arne Holm (1,98 m) 1967: Sølv i lengdehopp - 7,22 m, bakom Kristen Fløgstad (7,23 m) 1968: Sølv i lengdehopp - 7,51 m, bakom Kristen Fløgstad (7,53 m) 1969: Gull i lengdehopp - 7,54 m, framom Finn Bendixen (7,28 m) 1970: Sølv i lengdehopp - 7,46 m, bakom Finn Bendixen (7,52 m), bronse på 110 m hekk (14,9) med same tid som sølvvinnaren Arvid Dahm 1971: Gull i lengdehopp - 7,76 m, framom Finn Bendixen (7,63 m) 1972: Bronse i lengdehopp - 7,52 m 1974: Bronsemedaljar i lengdehopp - 7,32 m, og tresteghopp - 14,99 m

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar Friidrott, aktuelle årgangar

Kategori:Norske hekkeløparar Kategori:Norske høgdehopparar Kategori:Norske lengdehopparar Kategori:Norske tresteghopparar Kategori:Noregsmeistrar i friidrett Kategori:Kongepokalvinnarar i friidrett Kategori:Folk frå Haugesund