Minareten i Jam er ein teglsteinsminaret frå 1190-åra i vestlege Afghanistan, rekna som ein del av verdsarva av UNESCO. Han ligg i distriktet Shahrak i Ghor-provinsen. Minareten er 65 meter høg og ligg 1900 moh. Han ligg ved møtestaden for elvane Harirud og Jamrud, og er omgjeven av opptil 2 400 meter høge fjell. Han er kjend for sine fine dekorasjonar av der murstein, stukkatur og glaserte fliser dannar geometriske mønster og vers frå Koranen. Staden er også oppført på lista over truga verdsarv.
Historie Minareten i Jam ligg truleg der sommarhovudstaden til ghuridane ein gong låg, i Firuzkuh (Firuz Koh). Han blei bygd under sultan Ghiyas-od-din og stod ifølgje ein inskripsjon på bygget ferdig i 1194. Ein reknar det som sannsynleg at bygget blei reist til minne om sigeren hans over Ghaznavideriket i 1192. Ghuridedynastiet fall ikkje så lenge etter at Ghiyas-od-din døydde. Ifølgje krønikeskrivaren Juzjani blei fredagsmoskeen som tilhøyrde minareten øydelagd av flaum.
mini|venstre|Nærbilde av dekorasjonar på den nedste tårndelen. Tårnet er bygd på ein åttekanta grunnflate med ein diameter på 9 meter. Han er sett saman av fire gradvis mindre sylinderforma tårn som til saman når ei høgd på 65 meter. Det nedste tårnet er rikast dekorert med figurar som stjerner, rundingar og sekskantar. Han inneheld fleire inskripsjonar med kufisk og naskh-kalligrafi, mellom anna heile sure 19, «Maryam» om Maria, mor til Jesus.
Minareten er eit særleg godt preservert arkitektoniske minne frå si samtid. Han er eit døme på ein arkitektur som spreidde seg så langt som til Delhi, der ein finn Qutb Minar i same stilen. Etter å ha vore «gløymd» av omverda blei han «gjenfunnen» då Afghan Boundary Commission undersøkte området i 1886.
Minareten i Jam og fornminna rundt blei utropt til det første verdsarvområdet i Afghanistan i 2002. Det blei samstundes rekna som truga verdsarv. Minareten og området er aldri blitt restaurert sidan bygget stod ferdig. Det er heller ikkje gjort større utgravingar i området. Dei fleste arkeologiske undersøkingane er gjort ved å nytta uoffisielle «røvarhol» laga av lokale folk.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Minaret of Jam Archaeological Project Under threat: The Magnificent Minaret of Jam – UNESCO Minaret and Archaeological Remains of Jam – UNESCO Hidden jewel of Afghan culture – BBC News
Dan Cruickshank (ed.), Sir Banister Fletcher's A History of Architecture, Twentieth edition, Architectural Press 1996, ISBN 0-7506-2267-9 Herberg, W. with D. Davary, 1976. Topographische Feldarbeiten in Ghor: Bericht über Forschungen zum Problem Jam-Ferozkoh. Afghanistan Journal 3/2, 57-69. Maricq, A. & G. Wiet, 1959. Le Minaret de Djam: la découverte de la capitale des Sultans Ghurides (XIIe-XIIIe siècles). (Mémoires de la Délégation archéologique française en Afghanistan 16). Paris. Sourdel-Thomine, J., 2004. Le minaret Ghouride de Jam. Un chef d'oeuvre du XIIe siècle. Paris: Memoire de l'Academie des Inscriptions et Belles Lettres. Rory Stewart, 2006. The Places In Between. Harvest Books. ISBN 0-15-603156-6. Thomas, David, 2004. Looting, heritage management and archaeological strategies at Jam, Afghanistan Thomas, D.C., G. Pastori & I. Cucco, 2004. “Excavations at Jam, Afghanistan.” East and West 54 (Nos. 1-4) s. 87–119. Thomas, D.C., G. Pastori & I. Cucco, 2005. The Minaret of Jam Archaeological Project at Antiquity Thomas, D.C., & A. Gascoigne, in press. Recent Archaeological Investigations of Looting at Jam, Ghur Province, in J. van Krieken (ed.) Afghanistan’s Cultural Heritage: its Fall and Survival. Leiden: E.J. Brill.
Kategori:Afghansk kultur Kategori:Ghor-provinsen Kategori:Islamsk arkitektur Kategori:Verdsarv i Afghanistan