Steventon er ein liten landsby som ligg nord i Hampshire i England i Storbritannia. Han har rundt 250 innbyggjarar. Steventon ligg sørvest for Basingstoke, nær småbyane Overton, Oakley og North Waltham. Landsbyen er eit verdsleg sokn og høyrer til distriktet Basingstoke and Deane.

mini|venstre|Kyrkja i Steventon.

Steventon er best kjend som fødestaden til forfattaren Jane Austen. Ho budde dei første 25 åra av livet sitt her, seinare i Chawton i nærleiken. Prestegarden der ho skreiv romanane Stolthet og fordom, Northanger Abbey og Fornuft og følelser blei riven i 1823. Det einaste som står att er ei gammal pumpe ved eit lindetre som ein trur eldstebroren til Austen, James Austen, har planta.

St. Nicholas-kyrkja i Steventon er frå 1100-talet, og er nesten uforandra sidan då. I kyrkja finst minneplakettar over James Austen, som tok over soknet frå far sin, dei to konene hans og nokre av slektingane hans. Deira graver finst også på kyrkjegarden.

Kjelder

steventon , ja-steventon.co.uk Unlocking secrets from Jane Austen's Steventon home, bbc.co.uk Jane Austen at Steventon, seekingjaneausten.com

Denne artikkelen bygger på «Steventon» frå , den 25. mai 2013.

Bakgrunnsstoff

«Steventon - Jane Austen's home» , hants.gov.uk

Kategori:Landsbyar i Hampshire