Wolfgang Wenzel von Haffner () var ein norsk offiser og marineminister frå 1861 til 1869 og konstituert statsminister i Stockholm frå 21. mars til 2. april 1884.

Haffner var i marinen frå 1824 til 1839 og blei deretter privatlærar for borna til Oskar I i ni år. Frå 1848 til 1861 fortsette han den militære karrieren og blei kommandør. Han var deretter marineminister frå 1861 til 1869, i regjeringa Stang. Han trekte seg frå embetet etter mistillit frå Stortinget. I samband med overgangen mellom regjeringa Selmer og regjeringa Schweigaard i 1884 vart Haffner konstituert som norsk statsminister i Stockholm frå 21. mars til 2. april 1884.

Dekorasjonar Haffner var innehavar av St. Olavs orden, Sverdordenen og var Dannebrogordenen.

Kjelder

O. Delphin Amundsen: Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, Grøndahl & Søns Forlag 1947 Biografi frå regjeringa.no

Kategori:Norske statsministrar i Stockholm Kategori:Norske forsvarsministrar Kategori:Norske statsrådar 1814-1884 Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Sverdordenen Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Norske offiserar Kategori:Folk frå Oslo