Anna av Brandenburg ( i Kiel) var fyrste kona til Fredrik av Schleswig-Holstein-Gottorp, den seinare dansk-norske kongen Fredrik I.Anna af Brandenborg frå Dansk biografisk leksikon Ho var dotter av kurfyrst Johan I av Brandenburg og Margrethe av Sachsen.

Ekteskapet vart inngått i Stendal 10. april 1502.Frederik 1 frå Norsk biografisk leksikon Dei var i så nær slekt at dei måtte få paveleg dispensasjon for å inngå ekteskap.

Anna og Fredrik fekk to born; Kristian i 1503 og Dorothea i 1504. Kristian vart seinare konge under namnet Kristian III og Dorothea blei gift med Albrecht av Preussen.

Anna vert ofte omtala som dronning av Danmark-Noreg, men Fredrik blei konge i 1523, ni år etter ho døydde. Ho blei gravlagd i klosterkyrkja i Bordesholm ved Husum. Det kjende Bordesholmaltaret av Hans Brüggemann vart tinga av Fredrik I som gravmæle for Anna. Frå 1666 har det vore i Schleswig domkyrkje, kor Fredrik I blei gravlagd i 1533.

Fredrik fekk òg tinga eit mausoleum i Bordesholm klosterkyrkje der skulpturar av han og henne ligg støypt i bronse.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Huset Hohenzollern Kategori:Huset Oldenburg Kategori:Folk frå Berlin