mini|Margrethe I sitt gravmæle i Roskilde domkyrkje. Johannes Junge (levde i fyrste del av 1400-talet) var ein tysk bilethoggar som var verksam i Lübeck i seingotikken, rundt 1406-1428.Johannes Junge på Kunstindeks Danmark / Weilbachs Kunstnerleksikon Ein kjenner ikkje til noko om livet eller utdanninga hans og ingen verk kan med sikkerheit seiast å vere laga av Junge.
Ein antek at sarkofagen hennar Margrethe I i Roskilde domkyrkje er laga av Junge, men det er usikkert. I følgje eit dokument frå 1446 har Junge laga eit gravmæle i Danmark, men det finnast ikkje prov for at det var sarkofagen hennar Margrethe.Anette Kruse, side 82 Undersøkingar av den svarte kalksteinen som er nytta i sarkofagen har vist at den kjem frå Skåne. Det kan moglegvis tyde på at sarkofagen er laga i Danmark av ein innkalla verkstad. Gravsteinen som er nytta til grava til biskop Peder Jensen Lodehat i domkyrkja er laga av same steinsort.
Referansar
Litteratur Anette Kruse: Roskilde domkirke, Roskilde Domkirkes Salgsfond, 2003, ISBN 87-90043-13-8
Kategori:Fødde på 1300-talet Kategori:Døde på 1400-talet Kategori:Bilethoggarar frå 1400-talet Kategori:Tyske bilethoggarar Kategori:Folk frå Lübeck