mini|Administrasjonsbygget for MiA – Museene i Akershus, opphavleg Akershusmuseet, er det tidligare Skedsmo rådhus. Rådhuset stod ferdig i 1957, og vart i samtida sett på som eit godt døme på stilretninga funksjonalismen i arkitekturen. Her er det òg lokale for skiftande utstillingar. MiA – Museene i Akershus er eit konsolidert museum som omfattar fleire museum i Akershus. Det vart skipa som Forbundsmuseet, seinare kjent som Akershusmuseet, og endra namn til MiA i 2016. Det har hovudadministrasjonsbygning i Gamle Skedsmo rådhus på Strømmen.
MiA – Museene i Akershus er eit kompetansesenter for musea i Akershus for å hjelpe til med konserveringstenester, vedlikehaldsplanar, fototenester, utvikling av utstillingar og pedagogiske opplegg, marknadsføringstiltak, felles meldingsblad for kulturminnevernet i fylket, og dessutan hjelp til arkivering og registrering. Dei 20 musea, 30 besøksstadene og to kompetansesentera ikring i Akershus inngår i MiA – Museene i Akershus som konsoliderte einingar, og er i dag Akershus fylke sin største kulturinstitusjon. Hovudadministrasjon held til i det tidlegare rådhuset til Skedsmo kommune, i Strømsveien 74 på Strømmen i Skedsmo.
Museumsavdelingar Asker Museum, Valstads samlinger, Akershus bygningsvernsenter, Aurskog-Høland bygdetun, Avistegnernes hus, Eidsvoll museum, Fetsund Lenser, Besøksenter våtmark Nordre Øyeren, Follo museum, Gamle Hvam museum, Grinimuseet, Hurdal historielags samlinger, Linderud gård på Linderud i Oslo, Lommedalsbanen (ei tillaga museumsjarnbane i Bærum), Lørenskog Bygdemuseum, Nes Samlinger, Oslofjordmuseet i Vollen i Asker, Skedsmo bygdemuseum, Museumsfabrikken Strømmen, Ullensaker museum, Urskog–Hølandsbanen (Tertitten), ei strekning av ei nedlagd smalspora jarnbane.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Museum i Akershus Kategori:Skipingar i 1983 Kategori:Museum skipa i 1980-åra Kategori:1983 i Noreg