Oliver Heaviside () var ein autodidakt britisk fysikar, matematikar og elektroingeniør som utvikla teknikkar for bruk av laplacetransformasjon ved løysing av differensiallikningar og dermed bruk av komplekse tal ved utrekning av elektronisk kretsar, omformulerte maxwell-likningane på vektorform og var med å grunnlegge vektoranalysen.
Han var tilsett i Great Northern Telegraph Co. i Newcastle, fram til 1874, då han slutta på grunn av stadig dårlegare høyrsle. Han levde resten av livet sitt i Devonshire, oppteke med teoretiske studium av elektromagnetisme. Han grunnla teorien for langdistanse-telefonering, gav viktige bidrag til forståing av den elektromagnetiske teorien til Maxwell.
Han var dessutan den første til å nemne og grunngjeve eksistensen av eit leiande sjikt i den øvre atmosfæren, Heaviside-laget, no oftast kalla ionosfæren.
Oppdagingar Heaviside formulerte om maxwell-likningane slik at dei fekk den vektorformen som vert nytta i dag. Han laga Heavisidefunksjonen, som han nytta til å modellere straumen gjennom ein elektronisk krets.
Omgrep innan elektromagnetisme Heaviside innførte namna på fleire omgrep innan magnetismen: Konduktans Permeabilitet Induktans Impedans Admittans Reluktans Permittans, som no vert kalla suseptans
Prisar (utval) – Faradaymedaljen
Sjå òg Heavisides ekspansjonsregel
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Oliver Heaviside» frå , den 13. juni 2013.
Oliver Heaviside. (27.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Oliver_heaviside
Kategori:Engelske fysikarar Kategori:Engelske matematikarar Kategori:Engelske ingeniørar Kategori:Fysikarar på 1800-talet Kategori:Fysikarar på 1900-talet Kategori:Matematikarar på 1800-talet Kategori:Matematikarar på 1900-talet Kategori:Folk frå London