Artisjokk eller artiskokk (Cynara cardunculus var. scolymus ) er ein fleirårig tistel i artisjokkslekta (Cynara). Delar av blomen, artisjokkbotnen eller artisjokkhjartet, blir brukt som grønsak og er rekna som ein delikatesse som blir mykje brukt i fransk og italiensk mat.
Artisjokk er ei kulturform av kardon som stammar frå middelhavslanda. Planten blir opptil 1,5 m høg. Blada er sølvgrøne og blir 50-80 cm lange. Blomane er purpur- eller lilla-raude og har ein diameter på rundt 10 cm.
mini|venstre|Hausta artisjokk. mini|venstre|Artisjokk med gamle blomar.
Korgdekkeblada og blomekjernen er etande. Han kan lagast til gjennom koking, steiking, damping, baking eller grilling.
Kjelder
artiskokk (28.02.2013) i Store norske leksikon. Artisjokk, www.bama.no
Bakgrunnsstoff
Å tilberede artisjokk , minsunnemat.blogg.no (biletguide)
Kategori:Korgplantefamilien Kategori:Staudar Kategori:Grønsaker Kategori:Plantar i middelhavsområdet