Rolf Terje Klungland () er ein politikar for Arbeidarpartiet, fødd i Flekkefjord. Mellom 1993 og 2009 representerte han Vest-Agder og Arbeidarpartiet på Stortinget i to bolkar på til saman tolv år.
Klungland var platearbeidar og prosessoperatør frå 1980 til 1998, det meste av tida ved Øye smelteverk. Sidan 1999 har han hatt stilling som personalkonsulent i Sirdal kommune.
Han representerte Arbeidarpartiet på Vest-Agder fylkesting 1991-95. Klungland vart så innvald på Stortinget for Vest-Agder i 1993, der han vart medlem i kommunalkomiteen. Ved stortingsvalet i 1997 mista han den faste plassen på tinget, og var såleis vararepresentant i perioden 1997–2001. Deretter vart han vald til stortingsrepresentant både i 2001 og 2005. I den fyrste fireårsperioden var han medlem av energi- og miljøkomiteen, medan han i perioden 2005–09 var medlem av finanskomiteen, og varamedlem i valkomiteen.
I mars 2007 melde Klungland frå om at han ikkje ville stille til attval ved stortingsvalet 2009. Han grunngav dette med at Vest-Agder fekk lite gjennomslag både i partileiinga og i regjeringa.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rolf Terje Klungland» frå , den 26. juni 2013.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Folk frå Flekkefjord