mini|Krossprosesjon i Novosibirsk. Krossprosesjon er ei kristen handling der ein kross blir boren fremst i eit høgtideleg opptog. Dette kan gjerast som start på ei gudsteneste eller som ein del av han, og kan finna stad inni ei kyrkje eller utandørs. Ofte blir det brukt særskilde prosesjonskrossar som er lette å bera og vil vera synlege for folkemengda, i krossprosesjonar.
Katolske krossprosesjonar mini|venstre|St Patrick-prosesjon i Downpatrick på Irland. I den katolske kyrkja byrjar ein messer ved ein prosesjon leia av ein krossberar med ein kross. Det finst også rituale for krossprosesjonar utandørs, som relikvieprosesjonar, helgenprosesjonar og prosesjonar mot tørke, uvêr og ulukker.
Ortodokse krossprosesjonar mini|'Påskeprosesjon i Kursk-provinsen' (1880-1883) av Ilja Repin.
Lengre krossprosesjonar er særleg utbreidde i den ortodokse kyrkja. Dei føregår ved at ein kyrkjelyd følgjer ein kross og andre symbol, som lykter og ikon, borne av geistlege. Prosesjonane kan gå frå ei kyrkje til ein særskild stad, eller rundt ei kyrkje tre gonger. Krossprosesjonar finn stad ved kyrkjehøgtider, som den stille veka og helgenfestdagar, og gravferder.
Krossprosesjonar (russisk , Krestnyj khod) er eit viktig motiv i russisk kunst, og er mellom anna kjend frå eit måleri av Ilja Repin.Ilya Repin's Krestny Khod (Religious Procession) in Kursk Gubernia , smarthistory.khanacademy.org
Sjå òg Krossvandring Krossvegsandakt
Kjelder
Processions, Catholic Encyclopedia The Cross and Crucifix in Liturgy, Catholic Encyclopedia Ministry of Cross Bearers , stbernardine.org ALTAR SERVER GUIDE, thesacredheart.com
Denne artikkelen bygger på «Crucession» frå , den 30. juni 2013.
Bakgrunnsstoff
Korsprosesjon i Ukraina til minne om 1700-årsjubileet for ediktet i Milano , ortodoksmoss.com
Kategori:Ortodoks kristendom Kategori:Kristen utøving Kategori:Påske Kategori:Dødsskikkar