Dei tre kongedøma (tradisjonell kinesisk 三國, forenkla 三国, pinyin Sānguó) er ein periode i kinesisk historie som varte frå rundt 220 til 280.
mini|venstre|Dei tre kongedøma i 262 over eit riss av dagens Kina.
Keisarriket Kina var etter at Han-dynastiet fall delt i tre større rike: Wei i nord, Wu i sør, og Shu eller Shu Han i vest. Perioden enda med at Wei først erobra Shu og under Jin-dynastiet også overvann Wu i 280.
Både dei siste åra til Han-dynastiet og tida under dei tre kongedøma var blodig og dramatisk. Medan folketeljingar frå slutten av Han-dynastiet omfatta oppimot 50 millionar innbyggjarar i 9,7 millionar hushald, var tala frå Jin-dynastiet berre ein femtedel av dette – 2,5 millionar hushald med 16 millionar innbyggjarar. Medan tapet i hushald og folketal spegler borgarkrig og uro, viser det også til at svært mange truleg hadde forsvunne frå direkte keisarleg kontroll, og i staden høyrde til mektige familiar.
Dei tre kongedøma har inspirert drama og litteratur i Kina, Japan, Korea og Vietnam. Soga om dei tre kongedøma av Luo Guanzhong og ei rekkje andre historiske romanar, legender, syngespel, filmar og fjernsynsdrama er knytt til perioden.
Kjelder
Kinas historie mellom 220-589 (27.02.2013) i Store norske leksikon Kinas historie (27.02.2013) i Store norske leksikon.
Denne artikkelen bygger på «Three Kingdoms» frå , den 3. juli 2013.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kinesisk historie