Hans Kristian Seip () var ein norsk politikar som representerte Venstre og Avholdspartiet. Han var opphavleg frå Røyken, men flytta til Bergen i 1915.
Hans Kristian Seip tok eksamen ved Kristiania tekniske skule i 1900 og studerte i Sveits 1902-1903. Han jobba for Statens vegstell frå 1900 til 1915, vart tilsett som avdelingsingeniør i Bergen i 1915 og tok til i stillinga som vegsjef i Bergen i 1921.
Seip var ordførar i Bergen for Avholdspartiet mellom 1923 og 1924, og mellom 1925 og 1930 var han vararepresentant til Stortinget for Venstre. I 1929 vart han tilsett som fylkesmann i Sogn og Fjordane, ei stilling han hadde til han vart avsett av den tyske okkupasjonsmakta i 1941. Seip var òg stortingsrepresentant frå 1934 til han døydde i 1945.
Det står ein minnestein på grava til Hans Seip i Fjærland. Denne vart reist og avduka søndag, 19. juni 1949.
Kjelder Sogn og Fjordane fylkeskommune/Fylkesarkivet: Minnestein over fylkesmann Hans Seip NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon, Hans Seip
Denne artikkelen bygger på «Hans Seip» frå , den 10. juli 2013.
Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Sogn og Fjordane Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Ordførarar i Bergen Kategori:Fylkesmenn i Sogn og Fjordane Kategori:Folk frå Røyken