Aronson Corner er nokre klipper i enden av ein snødekt rygg mellom Mummery Cliff og Chevreul Cliffs i Pioneers Escarpment i Shackletonkjeda. Dei vart fotograferte frå lufta av U.S. Navy i 1967, og kartlagde av British Antarctic Survey i 1968–71. I samband med at stader i nærleiken vart kalla opp etter pionerar innan polfart og polarliv, vart dei namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee etter Louis V. Aronson, ein amerikanar som grunnla Ronson Corporation, og som kring 1910 utvikla den første praktiske lighteren, opphavleg kalla «trench match».
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aronson Corner» frå , den 23. juli 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Ryggar i Coats Land