Skjeberg kyrkje er ei langkyrkje av stein frå omkring år 1100 i Sarpsborg kommune i Østfold fylke. Kyrkja vart utvida av ein «Bottolf Steinmester» ca. 1300 og vart òg utvida midt på 1700-talet. Då fekk ho dessuten to såkalla gravkapell, der det eine eigentleg er eit overbygg til eit monument. Etter fleire rundar med oppussing vart kyrkja i 1968 ført attende mot slik ho var på 1700-talet.

Kyrkja vart opphavleg oppført i romansk stil, men har gotisk inngangsportal. To runesteinar er innfelt i sørveggen. Kyrkja har 360 sitjeplassar og mykje gamalt inventar, ikkje minst døypefonten frå 1100-talet, som har relieff av Kristus, apostlar og heilagmenne.

Prestegarden ligg like attmed kyrkja.

Bakgrunnsstoff

Skjeberg prestegjeld Kyrkjesøk – Skjeberg kirke Sarpsborg kommune

Kategori:Kyrkjer i Sarpsborg Kategori:Kulturminne i Sarpsborg Kategori:Kyrkjer i Søndre Borgesyssel prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Freda bygg i Østfold