Kvikne kyrkje er ei tømra krosskyrkje i Nord-Fron kommune i Innlandet. Ho vart oppført i 1764 og har 175 sitjeplassar.
Byggmeister ved oppføringa var Per Korpberget. Før Storofsen — den store flaumen i 1789 — stod kyrkja litt lengre ned, ved garden Sylte. Etter flaumen vart ho flytta til Tune, der ho framleis står.
Eistein Guttormsen Kjørrn har laga altartavle og preikestol til kyrkja. Preikestolen er kopiert etter Jakob Klukstad sin preikestol i Heidal kyrkje, som brann i 1933. Også altartavla er inspirert av tavla i Heidal, men her har Kjørrn vore noko friare.
Døypefonten i kleberstein er overført frå ei tidlegare kyrkje. Ragnvald Einbu måla kyrkjebenkane i 1922 med ulike blomar og rankar, englar og dyr. Kyrkja har fått digitalorgel, men dei gamle orgelpipene pyntar framleis opp.
Bakgrunnsstoff
Nord-Fron kyrkjelege fellesråd Kyrkjene i Nord-Fron (Norsk nettskole)
Kategori:Kyrkjer i Nord-Fron Kategori:Kulturminne i Nord-Fron Kategori:Kyrkjer i Nord-Gudbrandsdal prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1760-åra Kategori:Krosskyrkjer i Noreg