Frogner gamle kyrkje er ei langkyrkje frå ca. 1180 i Lillestrøm kommune i Akershus fylke. Byggverket er i stein og har 90 sitjeplassar.

mini|venstre|Frogner gamle kyrkje før brannen

Kyrkja brann i 1918, og dateringa byggjer på ei runeinnskrift som vart funnen på branntomta. Ny kyrkje vart oppført og vigsla i 1925, og mot slutten av 1930-åra byrja ein arbeidet med å setje i stand gamlekyrkja. Det tok mange år, men kyrkja var visstnok klar rundt 1977. Likevel vart ho vigsla først i 1981.

Mykje av teiknearbeidet i samband med innreiinga vart utført av Bjarne Hvoslef, medan Karl Ekstrøm gjorde mykje av snekkerarbeidet.

Bakgrunnsstoff Sigrid og Håkon Christie: Frogner gamle kirke i «Norges kirker»

Frogner i det 20. århundre (Blaker og Sørum historielag) Kyrkjesøk – Frogner gamle kirke, Sørum Sørum kommune om kyrkjene i Sørum

Kategori:Kyrkjer i Lillestrøm Kategori:Kulturminne i Lillestrøm Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kyrkjer i Nedre Romerike prosti Kategori:Freda bygg i Akershus