Sørum kyrkje er ei langkyrkje av stein i Lillestrøm kommune, Akershus fylke. Kyrkja var ei av tre tridjungskyrkjer på Romerike i mellomalderen (saman med Nes og Skedsmo), og det har elles vore fleire andre kyrkjer i området.

Sørum kyrkje vart vigd til St. Peter og St. Paulus på St. Blasii-dagen, den 3. februar, men ein kjenner ikkje kva for år det hendte. I 2016 valde ein å markere 850-årsjubileet for kyrkja.

Kyrkja vart restaurert eit par gonger på 1900-talet, og sakristiet nord for koret er frå 1953. Det gamle inventaret er satt i stand etter å ha vore måla over.

På kyrkjegarden står eit gravmæle med hjulkross frå mellomalderen. Gravkapellet er teikna av Ole Stein og vart oppført i 1934.

Bakgrunnsstoff Sigrid og Håkon Christie: Sørum kirke i «Norges kirker»

Kyrkjesøk – Sørum kirke, Sørum Sørum kommune om kyrkjene i Sørum Blaker og Sørum historielag om gamle kyrkjer

Galleri

Kategori:Kyrkjer i Lillestrøm Kategori:Kulturminne i Lillestrøm Kategori:Langkyrkjer i Borg bispedømme Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Kyrkjer i Nedre Romerike prosti Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Freda bygg i Akershus