A-Lee () er ein norsk artist som lagar musikk i grenselandet mellom pop, techno og rap. Han er av iransk opphav, og er oppvaksen på Årvoll i Oslo.

Karriere

A-Lee forsøkte seg tidleg som rappar og var med i duoen Cam 'N A-Lee saman med rapparen Cam'leon. 2005 vart eit gjennombrotsår for Cam 'N A-Lee, då dei vann by:Larm sin publikumspris og vart nominert til Årets Urørt med låta «What Do You Mean», saman med Chirag frå Karpe Diem. Gruppa hadde ein EP klar til utgjeving i 2006 (Schmokin' Skillz), men då bandet gjekk i oppløysing, vart ikkje EP-en utgjeven likevel. Brotet skjedde fordi A-Lee hadde skrive platekontrakt med Tee Productions. A-Lee gav likevel ikkje ut noko på Tee Productions og braut kontrakten etter to år. Seinare skreiv han ny kontrakt med Bonnier Amigo.

I 2009 gav han ut sin fyrste singel, «Bump Off», før oppfølgjarsingelen «World So Cold» med Marcus Only kom i 2010. Dette vart den fyrste suksesslåta for A-Lee, ho kom på 12. plass på VG-lista og vart spelt mykje på norsk radio. Same året platedebuterte A-Lee med rap-albumet Missing, som ikkje vart nokon stor publikumsfavoritt. Etter Missing har A-Lee gitt ut musikk som er i større grad inspirert av dance og techno. Dei siste åra har han fått store hits med crossover-singlar som «Hear the Crowd», «The One», «Feelgood» (med Elisabeth Carew) og «Over You». «The One» kom på ein sjuandeplass på VG-lista, og blei på lista i fire veker.A-Lee på Vg-lista I tillegg vart «The One» den mest spelte låta i norsk radio i 2011, og «Hear the Crowd» kom på ein sjuandeplass.Dagbladet, 01.09.12: A-Lee i lykkesjokk over å være radio-vinner I 2012 gav han ut sitt andre album, Forever Lost på Sony Music, der alle dei nemnte singlane er med. Dagbladet gav albumet terningkast tre, med fylgjande grunngjeving: «...selv om «Forever Lost» er gjennomført i sin stilimitasjon, er det ikke til å komme unna at sjangeren automatisk gjør dette til en plate som er på høyde med det mest middelmådige fra utlandet.»Dagbladet, 05.10.12: Oppskriftsmessig dancerap fra A-Lee

Diskografi

Studioalbum

Missing (2010) Forever Lost (2012)

Singlar

«Bump Off» (2009) «Baby Got Back» (2010) «World So Cold» (2010) (med Marcus Only) «The One» (2011) «Hear The Crowd» (2011) «Before My Eyes» (2011) «Feelgood» (2012) (med Elisabeth Carew) «Over You» (2012)

Kjelder

, skrive av Audun Kjus Aahlin.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

A-Lee si offisielle nettside. (Engelsk) Kingsize.no, 04.05.10: Den nye radiomørdaren A-Lee Natt og dag, 06.09.11: Sjangeren som kom ut av fryseren A-Lee hos NRK mP3

Kategori:Norske rapparar Kategori:Norske musikarar Kategori:Norske songarar Kategori:Musikarar frå Oslo Kategori:Folk frå Gjøvik Kategori:Nordmenn av iransk opphav