Pink Floyd er eit britisk progressivt rockeband. Med poengterte tekstar, storslåtte lydbilete, lydeksperimentering, nyskapande platecover og sceneshow fylt med effektar er Pink Floyd eitt av dei største banda innan rocken. Bandet er på sjuandeplass på lista over artistar som har selt flest plater gjennom historia med over 300 millionar plater.Dolphin Music: .Memorabilia, PF sales
Pink Floyd hadde ein viss suksess seint på 1960-talet som eit psykedelisk band leia av Syd Barrett. Barrett si utilreknelege åtferd førte til slutt til at han vart bytta ut med gitarist og vokalist David Gilmour. Etter dette tok bassisten og vokalisten Roger Waters gradvis over leiinga av bandet, sjølv om mange songar vart skrivne også av andre bandmedlemmer. I lag med Richard Wright på tangentar og vokal og Nick Mason på trommer heldt denne versjonen av bandet i lag til 1982, då Waters sparka Wright ut av bandet. Dette var i perioden etter The Wall, der Roger Waters skreiv dei fleste songane åleine. Dei mest kjende platene frå denne perioden var The Dark Side of the Moon frå 1973, Wish You Were Here frå 1975, Animals frå 1977 og The Wall frå 1979, plater som gjorde bandet verdskjend. Desse platene er blant dei mest kritikarrosa og populære platene i rockehistoria. I 1985 prøvde Waters å leggje ned Pink Floyd, men Gilmour, Mason og etter kvart Wright heldt fram utan han. Waters saksøkte då bandet for å få rettane til bandnamnet, ei sak han tapte. Waters vart derimot med att i bandet då dei spela på Live 8-konserten i London i 2005.
Historie Syd Barrett-perioden: 1964–1968 mini|Teikning av ein ung Syd Barrett. Pink Floyd utvikla seg frå eit tidlegare band, danna i 1964, som gjekk under ulike namn som Sigma 6, The Megga Deaths, The Screaming Abdabs og The Abdabs. Då dette bandet vart oppløyst, slo enkelte av medlemmene seg saman og danna eit nytt band kalla Tea Set. Desse medlemmene var Bob Klose og Roger Waters på gitar, Nick Mason på trommer og Richard Wright på blåseinstrument. Etter ein kort periode med Chris Dennis på vokal, vart gitarist og vokalist Syd Barrett med i bandet, og Waters skifta til bass. Ein gong spela Tea Set på same konsert som eit anna band med same namn, og Barrett kom opp med det alternative namnet The Pink Floyd Sound etter to bluesmusikarar, Pink Anderson og Floyd Council. Ei stund skifta dei mellom desse to namna, før dei til slutt berre brukte det siste. Etter kvart vart Sound tatt bort. Sjølv om alle platene er gjevne ut under namnet Pink Floyd, vart bandet lenge omtalt som The Pink Floyd av bandmedlemmene. I denne tidlege perioden spela dei stort sett coverversjonar av rhythm and blues-klassikarar som «Louie Louie» i psykedeliske tolkingar med lange improviserte seksjonar og soloar.
Klose var meir ein jazzmusikar og forlét bandet kort tid før Pink Floyd byrja å spele inn musikken sin. Barrett starta raskt å skrive sine eigne songar, inspirert av amerikansk og britisk psykedelisk rock, men med sin eigen underlege humor. Pink Floyd vart raskt eit populært undergrunnsband og spela på klubbar som UFO Club, Marquee Club og Roundhouse.
På slutten av 1966 vart bandet bedt om å medverke med musikk til Peter Whitehead sin film Tonite Let’s All Make Love in London. Bandet vart filma medan dei spela inn to spor («Interstellar Overdrive» og «Nick’s Boogie») i januar 1967. Lite av musikken vart med i filmen, men innspelinga vart gjeven ut som London 1966/1967 på 1990-talet.
Etter kvart som bandet vart meir populært, danna det firmaet Blackhill Enterprises i oktober 1966, i lag med managerane Peter Jenner og Andrew King. Dei gav så ut singlane «Arnold Layne» i mars 1967 og «See Emily Play» i juni 1967. «Arnold Layne» gjekk opp til 20. plass på den britiske singellista, og «See Emily Play» gjekk heilt opp til sjetteplass, og bandet fekk den første TV-opptredenen sin på Top of the Pops i juli 1967.
Debutalbumet The Piper at the Gates of Dawn kom i august 1967, og er i dag rekna som eit perfekt døme på britisk psykedelisk musikk, og fekk generelt gode kritikkar på den tida. Kritikarar reknar det enno som eit av dei betre debutalbuma. Songane på albumet er hovudsakleg skrivne av Barrett, og har poetiske, surrealistiske tekstar med inspirasjon frå segner og området The Fens nær Cambridge, som Barrett, Gilmour og Waters hadde vakse opp i. Musikken inneheldt nyare teknologi innan elektronikk som bruk av stereopanorering og elektriske tangentinstrument. Plata vart ein hit i Storbritannia, der ho nådde sjetteplass, men fekk lite merksemd i Nord-Amerika. Det hjelpte på populariteten at bandet turnerte med Jimi Hendrix.
Forfallet til Barrett
Bandet vart meir og meir populært, og det harde turnélivet og eit stort inntak av narkotika, som LSD, førte til at den psykiske helsa til Barrett byrja å skrante. I januar 1968 vart David Gilmour tatt inn i bandet som gitarist for å utføre oppgåvene til Barrett på scena. Etterkvart vart åtferda til Barrett mindre og mindre tilrekneleg. Ofte stirra han berre ut på publikum medan resten av bandet spela. Under enkelte konsertar kunne han klimpre på éin akkord gjennom heile konserten, eller skeivstemme gitaren sin. Vanskane gjorde at dei andre bandmedlemmene til slutt lét han vere heime, opphavleg for å skrive songar for bandet, men også desse var så vanskelege at bandet til slutt gav opp heile løysinga. Blant desse songane var «Have You Got It Yet?», der Barrett skifta melodi og akkordrekkefølgje for kvar gong han spela songen. Frå april 1968 vart Barrett heilt ute av bandet. Produsentane Jenner og King valde å halde seg til han, og firmaet Blackhill vart oppløyst. Pink Floyd tilsette Steve O’Rourke som manager, ein jobb han hadde heilt til han døydde i 2003.
Den eksperimentelle perioden: 1968–1970
Gilmour, Waters og Wright deltok no alle som komponistar og songarar. Dei laga alle songar som hadde sitt eige preg og lydbilete, til forskjell frå den meir einsarta musikken skriven og sungen av Barrett, eller det meir polerte og samarbeidsprega arbeidet dei gjorde seinare. Waters skreiv stort sett lågmælte, jazzaktige melodiar med dominerande basslinjer og komplekse og symbolske tekstar. Gilmour fokuserte meir på gitardriven bluesimprovisasjon, medan Wright føretrekte melodiske og psykedeliske songar med tangentane langt framme i lydbiletet. I motsetnad til Waters hadde Gilmour og Wright enkle tekstar eller reine instrumentalar. Noko av den mest eksperimentelle musikken til gruppa er frå denne perioden, som «Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a Pict» med ei rekkje stemmeinnspelingar med dobbel snøggleik som høyrest ut som lyden av skrikande gnagarar og fuglekvitter før det heile endar i ein dialog med skotsk dialekt som er vanskeleg å forstå.
Medan Barrett hadde skrive mesteparten av det første albumet, var det berre éin barrettkomposisjon på det andre Pink Floyd-albumet. A Saucerful of Secrets kom ut i juni 1968 og nådde niandeplass i Storbritannia. Midtpunktet var det tolv minutt lange tittelsporet som var eit hint om dei episke og lange songane som skulle kome seinare, men plata vart teke dårleg imot av platemeldarane på den tida.
Pink Floyd vart så bede om å lage musikken til filmen More av regissør Barbet Schroeder. Musikken vart gjeven ut som eit eige Pink Floyd-album, Music from the Film More, i juli 1969. Kritikarane syntest albumet var ujamt og oppstykka. Gruppa brukte desse og seinare filmmusikkinnspelingar til å lage musikk som kanskje ikkje ville ha passa inn på ei vanleg Pink Floyd-plate. Mange av spora var akustiske viser. Resten av albumet var samansett av små avantgarde-stykke frå filmen, i tillegg til eit par tyngre rockesongar.
Den neste plata var dobbeltalbumet Ummagumma, der eine plata var liveinnspelingar og den andre var studioeksperiment der kvart bandmedlem spela inn ei halv vinylside kvar som eit soloprosjekt. Sjølv om albumet vart eit soloprosjekt og ei konsertplate, var det opphavleg tenkt at ho skulle vere ei rein avantgarde-blanding av lydar frå tilfeldige instrument som ein «fann». Tittelen på plata er Cambridge-slang for samleie, og gjenspeglar innstillinga til bandet under dei vanskelege innspelingane. Bandet var svært eksperimentelle på studioplata, medan konsertplata inneheld opptak av nokre av bandet sine mest populære songar frå denne perioden. Albumet fekk betre kritikkar enn dei to tidlegare albuma, og var Pink Floyd sitt mest populære så langt, med ein femteplass på listene i Storbritanna og 74. plass i USA.
I 1970 kom Atom Heart Mother, som var den første orkesterinnspelinga deira og eit samarbeid med komponisten Ron Geesin. Ei heil side av plata bestod av tittelsporet, eit symfonisk rockestykke på 23 minutt. På den andre sida fann ein mellom anna «Alan’s Psychedelic Breakfast», ein lydmontasje av ein mann som lagar og et frukost. Bruken av tilfeldige lydeffektar og snakkande stemmer vart etter dette ein viktig del av lydbiletet til bandet. Medan kritikarar og seinare medlemmene sjølv såg på plata som eit lite tilgjengeleg tilbakesteg, fekk plata likevel den beste plasseringa bandet hadde hatt til då, og nådde førsteplass i Storbritannia og 55. plass i USA. Dette gav grunnlag for at Pink Floyd kunne reise på sin første fulle USA-turné. Albumet var igjen ein overgang til det neste stadiet i utviklinga til bandet, og tittelsporet gav hint om framtidige spor som «Echoes».
Før dei gav ut det neste albumet sitt kom det eit samlealbum kalla Relics. Det var samansett av tidlegare singlar og B-sider, i lag med ein Waters-song frå Ummagumma-innspelinga (den jazza «Biding My Time», som var ein del av «The Man/The Journey»). Dei medverka òg med musikk til filmen Zabriskie Point, sjølv om mange av forslaga deira vart vraka av regissøren Michelangelo Antonioni.
Gjennombrotsperioden: 1971–1975
På 1970-talet fletta dei tre låtskrivarane måtane dei skreiv songar på saman til eit unikt lydbilete, og gruppa laga det mange meiner er meisterverka deira, The Dark Side of the Moon og Wish You Were Here. Pink Floyd kvitta seg med det «psykedeliske» stempelet sitt og vart eit særeige band som det var vanskeleg å klassifisere. Lydbiletet vart meir polert og samarbeidsprega, med filosofiske tekstar og karakteristiske basslinjer frå Waters, kombinert med den unike bluesgitarstilen til Gilmour og Wright sine enkle tangentmelodiar. Gilmour var den dominerande vokalisten i denne perioden, medan kvinnelege koristar og Dick Parry sin saksofon vart ein del av stilen til bandet. Den delvis atonale og rå lyden bandet tidlegare hadde synt, vart no svært glatt, mjuk og nedroande. Dei episke og lange komposisjonane til bandet nådde høgdepunktet med «Echoes». Denne perioden var ikkje berre byrjinga på eit meir samarbeidsprega band, men òg slutten på det. Etter 1975 vart Waters meir dominerande både musikalsk og lyrisk. I denne perioden kom den siste medverknaden til Wright som både låtskrivar og førstesongar («Shine On You Crazy Diamond» og «Time»), før The Division Bell i 1994. Gilmour medverka berre på enkelte songar før Waters gjekk frå bandet i 1985, men han heldt fram som førstesongar. Dei siste banda til Barrett, både musikalsk og lyrisk, var Wish You Were Here, der sporet «Shine On You Crazy Diamond» var skriven som både ei hyllest og elegi til den tidlegare venen deira.
Lydbiletet vart mykje meir fokusert på Meddle (1971), der den 23 minutt lange, episke «Echoes» tok heile andresida av LP-en. Nick Mason reknar Meddle for å vere «det første verkelege Pink Floyd-albumet».BBC..Later with Jools Holland Albumet hadde igjen det lydbiletet og stilen som kjenneteikna platene i gjennombrotsperioden til bandet og var strippa for orkesteret som var dominerande på Atom Heart Mother. Meddle vart godt teken i mot av både kritikarane og fansen. Albumet nådde 3. plass på den britiske albumlista, men berre 70. plass i USA. I følgje Nick Mason kom dette av at Capitol Records ikkje reklamerte noko særleg for albumet i Amerika. Meddle er framleis sett på som eit av dei beste albuma deira.