«Brother Love's Travelling Salvation Show» er ein song frå 1969 skriven og framført av Neil Diamond. Songen nådde 22. plass på Billboard Hot 100 i USA.
Historie Songen fortel soga om Brother Love, ein evangelist som reiser frå by til by for å preike. I midten av songen held Diamond ei preike på typisk evangelistisk måte.
Somme evangeliske grupper i Sørstatane oppfordra til å boikotte songen og Diamond fordi dei meinte at songen rakka ned på og fornærma evangelistar og den evangeliske rørsla. Då Diamond i eit intervju sa at det var motsett og at han hylla gospelmusikken og den evangeliske stilen å preike og tilbede på. Striden gav seg etter det.
Den originale singelen er noko forskjellig frå albumversjonen. Bortsett frå at han er i mono, er det lagt på ekstra romklang gjennom heile songen. Stemma til Neil Diamond vart overdubba og skapte ein harmoni. Eit parti på røyrklokker vart lagt til etter frasen «Take my hand in yours...». Uttoninga av songen er lengre med ein tydelegare blåseseksjon og raslande tamburin. Alle versjonane av songen som finst på samleplatene til Diamond har nytta denne miksen.
The New Rolling Stone Album Guide kallar «Brother Love's Travelling Salvation Show» «genuint vanvittig».
I 1969 song Peggy Lee ein versjon av songen på comebackalbumet sitt, Is that all There Is?. Dolly Parton har spelt songen ved fleire høve.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Brother Love's Travelling Salvation Show (song)» frå , den 23. august 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Songar skrivne av Neil Diamond Kategori:Neil Diamond-songar Kategori:Peggy Lee-songar Kategori:Dolly Parton-songar