Atle Kittang () var ein norsk forfattar, litteraturteoretikar, litteraturforskar og professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.
Biografi
Etter å ha teke artium i 1960, tok Atle Kittang til å studera ved Universitetet i Bergen. I 1966 fullførte han magistergrad i litteraturvitskap med delstudie innan tysk og fransk. Magisteravhandlinga kom ut på fransk og handla om den surrealistiske kjærleiksdiktinga hans Paul Éluard. Dei neste fire åra jobba han ved universitetet som stipendiat før han blei universitetslektor i fransk litteratur i byrjinga av 1970-talet, stadig ved UiB. Samtidig var han engasjert i doktorgradsavhandlinga si innan fransk litteratur, som handla om den franske lyrikaren Arthur Rimbaud og låg ferdig, på fransk, i 1973. Då det hadde vorte skipa eit nytt, eige institutt for litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen i 1974, vart Atle Kittang tilsett som den fyrste professoren innan faget På Høyden, 03.06.13: Professor Atle Kittang er død, ei stilling han blei verande i til han gjekk av for aldersgrensa i 2011.På Høyden, 04.06.11: Minneord om Atle Kittang I tillegg hadde han ei rekkje høgtståande verv, m.a. prodekanus ved det historisk-filosofiske fakultetet 1983-1985, og medlem i fleire ulike råd innan humanistisk forsking. Kittang var også professor II i litteraturvitskap ved NTNU, og professor II ved Ibsen-senteret på Universitetet i Oslo.Fylkesleksikon Sogn og Fjordane om Atle Kittang Ifylgje vener og kollegaer ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studie ved UiB var det ingen norsk litteraturforskar som hadde vore opponent ved så mange doktordisputasar som Kittang, bortsett frå professor Francis Bull.
Atle Kittang døydde i juni 2013 etter lengre tids sjukdom.
Forfattarskap
Som litteraturforskar hadde Atle Kittang m.a. interesse for norsk og fransk lyrikk, romanteori og -analyse, særleg innanfor skrivinga til Knut Hamsun, Honoré de Balzac og André Breton, og dramaanalyse, der han tok for seg Henrik Ibsen.
Saman med Asbjørn Aarseth gav Atle Kittang ut Lyriske strukturer. Innføring i diktanalyse. i 1968. Denne har vorte ei svært viktig teoribok for norske litteraturstudentar fram til i dag. Kittang har seinare skrive mykje litteraturteori om kjende forfattarar, både norske og europeiske. Ei av hans viktigaste utgjevingar, Luft, vind, ingenting (1984), tok for seg forfattarskapen til Knut Hamsun og analyserte ideologien i hans romanar på ein kontroversiell måte. Kritikarane meinte at Kittang bortforklåra ideologien i romanane, sjølv om alle måtte medgje at Kittangs observasjonar var skarpe. I Sigmund Freud (1997), gjekk han gjennom verksemda til Sigmund Freud frå ståstaden til ein litteraturvitar. Så, i 2002 kom den store Ibsen-avhandlinga hans ut: Ibsens heroisme; frå Brand til Når vi døde vågner.Bokmelding av Ibsens heroisme i Dagbladet av Øystein Rottem, 29.09.02 Det siste verket Kittang rakk å gje ut, var Poesiens hemmelege liv (2012) der han tolka både ny og gamal lyrikk. SNL-artikkel om Atle Kittang, med hans viktigaste publikasjonar.
Prisar og utmerkingar
Æresmedlem av Vetenskapssocieteten i Lund. Medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi. Medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. I 2003 vart han tildelt Møbiusprisen for framifrå forsking av Noregs Forskingsråd (500.000 kr).Bergens Tidende, 06.11.03: Prestisjetung forskningspris til Atle Kittang
Bibliografi Bøker
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kjelder
Artikkel om Atle Kittang i Norsk Biografisk Leksikon. Forfattar: Øystein Rottem.
Fotnotar
Kategori:Folk frå Flora Kategori:Norske litteraturprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Bergen Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Professorar ved NTNU Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Kategori:Norske litteraturhistorikarar og kritikarar Kategori:Forfattarar frå Flora