The Jazz Singer er eit filmmusikkalbum av Neil Diamond frå 1980, frå filmen The Jazz Singer frå 1980. Filmmusikken kom ut på plate i november 1980 på Capitol Records. EMI Films (eigd av EMI, som òg eigde Capitol Records) produserte filmen. Filmmusikken vart gjeve ut i februar 1996 på Columbia Records i USA og Sony andre stader.
Filmen fekk blanda kritikk og vart ein middels suksess, men filmmusikken vart særs populært og vart det mestseljande albumet til Neil Diamond i USA, med over 5 millionar eksemplar og ein tredjeplass på albumlista der. Tre av songane gjekk inn på Topp 10 på Billboard Hot 100, «Love on the Rocks», «Hello Again» og «America» med høvesvis andre-, sjette- og åttandeplass.
Innhald
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Jazz Singer (soundtrack)» frå , den 2. september 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Neil Diamond-album Kategori:Filmmusikkalbum frå 1980 Kategori:Capitol Records-album Kategori:Columbia Records-album Kategori:Musikkalbum produserte av Bob Gaudio