thumb|Jernbanetorget 2, tidlegare hovudkontor for Den norske Amerikalinje. Bjercke og Eliassen var eit norsk arkitektfirma skipa i Oslo i 1914 av Andreas Bjercke og Georg Eliassen. Saman dreiv dei firmaet fram til 1960.Arkivverket om Bjercke og Eliassen
I første halvdelen av 1900-talet hadde dei ein stor produksjon innen dei fleste byggtyper. Dei arbeidde tett i lag og det er nærast umogleg å skilje kven av dei som gjorde kva.
Av dei markante oppgåvene dei fekk finn ein mellom anna Sjømannsskulen på Ekeberg, Den norske Amerikalinjes hovudkontor på Jernbanetorget i Oslo, Minnehallen i Stavern, Sjømannsskulen i Tønsberg, Oslo Lysverker, Redernes Hus i Oslo, Sundøya fjordrestaurant og klubbhuset Dronningen ved Bygdøy. I fleire av bygga designa dei òg møbler, tapet og anna inventar.
Utmerkingar Firmaet fekk Houens fonds diplom for fire av sine bygg og Sundts premie for to. Dei fekk Houens fonds diplom i 1923 for Sjømannsskulen i Oslo, i 1925 for Sjømannsskulen i Tønsberg, i 1933 for Oslo Lysverker og i 1941 for Redernes Hus, Oslo. Houens fonds diplom frå Norske arkitekters landsforbund
Dei fekk Sundts premie i 1920 for bustaden til Eliassen i Professor Dahls gate 46 B i Oslo og i 1928 for forretningsgarden Karl Johans gate 17.Sundts premie frå Norske arkitekters landsforbund Referansar
Kategori:Norske arkitektfirma Kategori:Skipingar i 1914 Kategori:Nedleggingar i 1960 Kategori:Houens fonds diplom