mini|Alverstraumen bru i Alversund. I denne bygda har det i lange tider vore tingstad for Alenfit skipreide. Alenfit (Olundfit) skipreide var ei av elleve skipreider i Nordhordland,Arkivverket som stort sett femna om sørvestre delen av noverande Lindås kommune.
Geografisk område etter gammal inndeling: Alversund sokn (unnateke garden Fjellsenda) Seim sokn del av Lygra sokn (gardane vest for Lurefjorden og sør for Toptingasundet) del av Hamre sokn (gardane nord for Osterfjorden/Salhusfjorden og vest for Hellesvågen/Haukåsvatnet/Langavatnet) del av Sæbø sokn (Titlandsgardane)
Geografisk område etter noverande inndeling: del av Lindås kommune Alversund sokn (unnateke garden Fjellsenda) Seim sokn Lygra sokn (unnateke Lygra krins) del av Ostereide sokn (krinsane Øvstegarden og Leknes)
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1853 vart Alenfit tinglag oppløyst, og områda vart overført til Lindås tinglag, Hosanger tinglag og dei nye Hamre tinglag og Manger tinglag.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Kart over Hordaland med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)
Kategori:Lindås kommune Kategori:Skipreider