Systrond skipreide var ei av atten skipreider i Sogn.Arkivverket Ho femna om Leikanger sokn, og i tillegg gardane Vestreim, Eitorn og Eitornsgjerdet i Tjugum sokn. Det same området tilsvarar etter grenseregulering 1964 Leikanger sokn unnateke gardane Hella og Rud. Systrond (gammal dansk skrivemåte Sjøstrand) vert òg nytta som bygde- og soknenamn i kvardagsmål.
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1837 vart Systrond skipreide, Tjugum skipreide og ein del av Kvamsøy skipreide slegne saman til Leikanger tinglag.Arkivverket
thumb|700px|Leikanger, òg kalla Systrond
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Kart over Sogn og Fjordane med skipreidene innteikna (frå Norsk historisk leksikon)
Kategori:Leikanger kommune Kategori:Skipreider