«Love Her» er ein song skriven av Barry Mann og Cynthia Weil som den første songen deira for den amerikanske duoen The Everly Brothers i 1963 som B-sida til «The Girl Sang the Blues». Han vart sidan spelt inn og gjeven ut på singel av den amerikanske popgruppa The Walker Brothers som den andre singelen deira i 1965.

The Walker Brother sin versjon er kjend for å vere den første singelen til gruppa spelt inn med Scott Walker på førstestemme. Tidlegare hadde John Walker hatt denne rolla. Songen vart produsert av Nick Venet og arrangert av samarbeidspartnaren til Phil Spector, Jack Nitzsche, som gav songen ein Wall of Sound-handsaming. «Love Her» vart den første hitten til gruppa og låg 13 veker inne på UK Singles Chart der han nådde 20. plassen i juni.

Innhald

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Love Her (song)» frå , den 27. september 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1963 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Songar skrivne av Barry Mann Kategori:Songar med tekst av Cynthia Weil Kategori:The Everly Brothers-songar Kategori:The Walker Brothers-songar